600 000 til E-sportsatsing

11. juni fekk Strand vgs 600 000 kroner frå Ryfylkefondet til å bygge ut eit E-sporttilbod ved skulen.

Skulen, saman med E-sportlaget Einherjar Ytre Ryfylke, kan med dette realisera ein spennande spelarena for unge i skuletida og på kveldstid.

Eigne trenarar/pedagogar blir engasjert. Nytilsett spelpedagog, Jonas Aleksander Karlsen, skal bidra både i programfaget og andre tilbod som blir tilrettelagt for unge med interesse for E-sport.

Medlemmane i Einherjar-laget kan bruka spelarenaen utanom ordinær skuletid. Tilbodet er for dei med:
• ønskje om å gå djupare innan E-sport/E-spel
• ønskje om å bli god innan favorittspelet sitt
• ønskje om fellesskap med andre med same interesse
• ønskje om samspel og å aktivisera seg på E-spelarena
• ønskje om og ambisjonar om å konkurrera

Alle nyheter