Jan Nordtveit

"Den blå åkeren" til Ryfylke

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) arbeider MOR-prosjektet med å starte eit fleksibelt og desentralisert høgskuletilbodet - «Den blå åker».

Målgruppa for studiet er personar knytt til havbruksnæringa. Målet er starte opp det modul- og samlingsbaserte studiet hausten 2021. Undervisinga vil skje i Ryfylke og gå over to år, med totalt 60 studiepoeng.

Det er søkt om tre millionar kroner gjennom Kompetanse Noreg til gjennomføring av utdanninga som førebels har desse delemna:

·      Økonomisk styring i havbruk

·      Kvalitetsleiing og HMS

·      Havbruksdrift og leiing

·      Havbruksforvaltning i eit grønt skifte

Innhaldet i studiet skal vera praktisk retta og blir utvikla i dialog mellom næringa sjølv, MOR-prosjektet og Høgskulen på Vestlandet. Tre aktørar frå næringa er invitert med i eit partnarskap med sikte å sikre relevans og praktisk retting. Desse er SterlingWhite Halibut, Grieg Seafood Rogaland og Bremnes Seashore.

-         Eit slikt tilbod ser me meget positivt på, seier Kjetil Ørnes, regional direktør i Grieg Sefood Rogaland.

Opptakskrav for studiet vil vere enten generell studiekompetanse eller fagbrev i kombinasjon med realkompetanse (fem års relevant praksis).

Det er ikkje berre personar som arbeider i partnarane sine selskap som kan søkje om plass på studiet, fortel Reidun Sandvik i Ryfylke IKS, som leiar kompetansesatsinga i Ryfylke. Studiet er ope for alle og kan vera ein fin veg å gå om du har arbeidd i næringa tidlegare eller om du for eksempel nyleg har fullført fagutdanning med påbygg ved Strand vgs.

Det er viktig at interesserte tar kontakt med oss slik at me kan få ei oversikt over personar som ynskjer å følgje studiet alt nå i planleggingsfasen. Ta kontakt med oss om du lurar på noko - og send oss gjerne ein e-post som viser interesse før søkeportalen blir opna, seier Sandvik.

Dette studietilbodet kjem i tillegg til det desentraliserte studiet Digital kommunikasjon ogmarknadsføring som det alt er vedteke oppstart for i august i år. https://www.moriryfylke.no/livslang-laering

 

For meir informasjon: Reidun Sandvik,  reidun@ryfylkeiks.no 95171044

                                   Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no 91308972

Alle nyheter