Eirik Tangeraas Lygre

Ein heildigital skulekvardag?

I innlegget «når skulen ikkje lenger er relevant» gjekk rektor ved Vardheia ungdomsskule Eirik Jåtten offensivt ut om digital og praktisk læring. Vardheia har blitt ein føregangsskule når det gjeld dataspel i undervisinga, og har i tillegg fått på plass ei skaparstove (makerspace) som skal gjera skulen meir engasjerande og relevant for elevane.

Jåtten tok til orde for meir og betre bruk av digitale verktøy i skulen, i eit innlegg som vekka stor begeistring under årets MOR-konferanse. Men digitalisering av skulen er på ingen måte ukontroversielt.

Forsking frå Norge og Nederland under pandemien viste svært dårleg læringsutbytte under den digitale heimeundervisinga. Andre har funne at det ein les digitalt eller på lesebrett i mindre grad går inn i hukommelsen.

Er det så tydeleg at digitalisering er vegen å gå, eller blir digital undervising vel så mykje rettferdiggjort i kraft av å vere det nye, det vi skal drive med i framtida, den vegen det går, mens det motsette er bakstreversk, gammaldags, og ikkje heng med i tida?

– Eg trur ikkje på reine digitale eller reine papirbaserte løysingar. Gullet ligg i midten. Kva som er mest effektivt å lesa på skjerm eller papir er framleis uklart. Elevar kjem i framtida til å tileigna seg mest informasjon gjennom skjerm, og skulen får derfor ei stor oppgåve med å læra elevane å tileigna seg denne best mogleg, seier Jåtten, og legg til:

– Erfaringsarbeid og forsking må gjerast. Det er ei viktig problemstilling, men digitalisering er ikkje noko vi kan velja vekk no som samfunnet blir gjennom-digitalisert. Då må ein heller finna gode måtar å bruka digitale verktøy.

Leseforskarar i Norge rapporterer om at ordforrådet til norske elevar blir stadig mindre, og at dei les mindre enn før. Bøker som var lettleste for 20 år sidan, er nå for vanskelege å rekne, ord som «føll» blir bytte ut med «babyhest» for bevare leseglede og leselyst.  

Er svaret alltid å forenkla litteraturen, å gje elevane «gaming» heller enn diktanalyse, å alltid bytte ut det vanskelege med det mest stimulerande og motiverande?

– Igjen: me må ikkje gjera enten eller, men både òg. Den digitale litteraturen kan vera vel så kompleks som mykje av den skriftlege. Eit godt døme er det norske spelet «Draugen», eit novellespel med ein ganske komplisert historie. Her pensar ein innom ulike litterære tidsperiodar og sjangrar, og er borti alt frå skrekk til nasjonalromantikk, seier Jåtten.

Det er aukande bekymring for at elevar blir overstimulert som følgje av nyhende, mobilspel, dataspel og Netflix ¬– det er ein ubønhøyrleg straum av inntrykk på alle frontar. Du trur ikkje det kan bli utmattande når også skulen i stor grad blir digital og skal stimulera og engasjera meir enn før?

– Mi tilnærming er at skjermtid er ei problemstilling som absolutt skal takast på alvor, men skjermtid på skulen er kanskje det minste problemet her. Foreldre, saman med ungar, må setja reglar som gjeld for dei. Med ein gong det blir berre éin ting – ein aktivitet – då blir det gale. Det er det same med ein unge som berre er på fotballbanen og ikkje vil eta, som alltid berre skal skåra eitt mål til, meiner Jåtten.

– Me må bygga medvit rundt kor mykje som er greitt. Det er også grunnen til at eg er knakande ueinig med dei som vil ha mobilforbod i skulen. I skulen kan dei læra å bruka den på ein god måte, mens foreldre gjerne er dårlege førebilde her.

– Dei fleste av dei tilgjengelege spela du nemner er på engelsk. Korleis blir det med norskkunnskapene?

– Det er ei kjempeutfordring. Her må skulane sikrast gode driftsvilkår, slik at dei kan få tak i og stilla krav til det som blir produsert.

Alle nyheter