Jan Nordtveit

Fagarbeidaren må satsast på

I 2030 vil det mangla opp mot 100 000 fagarbeidarar viser SSB sine framskrivingar. Derfor tar NHO og LO no til orde for at Noreg må satse på eit kompetanseløft for fagarbeidarane.

Dette kjem fram i rapporten  NHO og LO saman har utarbeidd for ein «Felles energi- og industripolitisk plattform» som blei lagt fram i slutten av mai 2021.

I rapporten blir det vist til at det er eit stort sysselsettingspotensiale i å realisera dei industrielle ambisjonane som ligg til næringane i sektoren. Å auka talet fagarbeidarar må til skal industrien, nett- og kraftselskapa løyse sine behov for arbeidskraft. I NHO sitt kompetansebarometer for 2020 oppgjer nesten 6 av 10 bedrifter at dei har eit udekt kompetansebehov. Nye industrielle satsingar krev strategiar, planer og tiltak for kompetanseoverføring, omskulering og oppbygging av ny og nødvendig kompetanse.

Det blir vidare peika på at tilgang på kompetanse blir ein føresetnad skal industrien møte klimautfordringar, krav til utvikling og omstilling i sektoren som grunnlag for verdiskaping og konkurransekraft. Kåre Bjarte Bjelland, Strategi- og kommunikasjonsdirektør i Eramet Norway er glad for rapporten som er komen.

-         Fokuset på overgangen til eit meir klimavennleg og bærekraftig samfunn og rolla den verdiskapande industrien kan spela i det «grøne skiftet» er viktig. Dette er ein av grunnane til at me satsar på kompetanseutvikling lokalt for å skape robuste industriregionar og attraktive lokalsamfunn med eit arbeidsliv kor folk og bedrifter lykkes.

Arbeidslivet er kjent for eit generelt høgt kompetansenivå, som gir eit godt utgangspunkt framover. Kompetanse og livslang læring må vera i fokus skal norske verksemder og dei tilsette saman styrkje konkurransekrafta og møte auka internasjonal konkurranse heime og ute. Strategidokumentet NHO og LO her kjem med viser at satsing på kompetanse blir eit viktig konkurransefortrinn for tenesteleveransar i alle marknadar.

Den vidaregåande opplæringa må derfor i større grad ta omsyn til arbeidslivet sitt behov for kompetanse og basera seg på lokal kunnskap kombinert med prognosar og framskrivingar av behov. Å rekruttere bredt frå begge kjønn, sikre god vaksenopplæring og anerkjenne og bruke kompetansen til innvandrarar og flyktningar blir viktig når ungdomskulla blir mindre framover.

Å satse på fagarbeidaren gjennom å utdanna unge med ulik bakgrunn gjennom korte yrkesretta modular som bygger på kvarandre, slik at dei på sikt kan ta heile grader, kan vere ei god tilrettelegging og bidra til attraktive karrieremoglegheiter for den enkelte.

-          Ei tydeleg satsing og sikring av ressursar til desentraliserte fagskuletilbod er derfor viktig, seier Bjelland

Reidun Sandvik i Ryfylke IKS fortel at rapporten frå NHO og LO er viktig. Den stør opp under arbeidet til MOR-prosjektet i Ryfylke, som har kompetanseheving som hovudfokus.

– Det er svært viktig at LO og NHO følgjer opp Kompetansereforma som er komen og som skal vera med å sikre eit godt etter- og vidareutdanningstilbod.

Ho trekkjer spesielt fram partsinvolvering i utforminga av utdanningstilboda, som for dei ulike bransjeprogramma for kompetanse. Der vil partane i den aktuelle bransjen sikre at tilboda har relevant innhald og er i ei form som lar seg gjennomføre for folk som alt er i arbeid.

-         I Ryfylke satsar me på å løfte kompetansen for gruppa rapporten fokuserer på. Eit kompetanseløft for fagarbeidaren er i denne samanhengen viktig med tanke på ny teknologi og nye metodar det grøne skifte vil krevja, avsluttar Sandvik.

Alle nyheter