Fagskuleutdanning i Ryfylke

Til hausten startar fagskuleutdanning innan helse i Ryfylke. Dei to aktuelle studia er Helse, miljø og sikkerhet og Psykisk helsearbeid.

Helse, miljø og sikkerhet

Målgruppa for utdanninga: Tilsette i privat og offentleg sektor.

 Tema er:

  • HMS-økonomi
  • Ansvar og styring, roller og oppgåver i HMS-arbeidet
  • Kjemikaliehandtering
  • Konflikt og konflikthandtering

 

Opptakskrav:

  • Studiekompetanse
  • Alle typar fagbrev
  • Teori til fagprøven
  • Realkompetanse 

 

Psykisk helsearbeid.

Målgruppa for utdanninga: Tilsette i private og offentleg sektor innan helse, skule og barnehage.

Tema er:

  • Etikk, kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
  • Stats- og kommunalkunnskap
  • Sosiologi og psykologi 
  • Psykiske liingar 
  • Arbeidsprosessar i psykisk helsearbeid

 

Opptakskrav:

  • Fagbrev fra Barne- og ungdomsarbeid og Helsefagarbeidar.
  • Teori til fagbrevet
  • Realkompetanse

 

Studielån/støtte 

Me oppmodar alle som vil ta studiet om å søkje eigen arbeidsgjevar om økonomisk støtte og/eller fri med løn. Det vanlege er at du har rett på fri med løn til eksamens- og lesedagar. Hugs å avtale med arbeidsgjevar før studiet startar.

Du kan normalt søkje om lån og stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning. Søknadsfrist er 15.11. for haustsemestret og 15.3. for vårsemestret. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Villkår finn du på lånekassa sine heimesider: https://lanekassen.no

  

Omfang og undervising

Begge studia er på 60 studiepoeng fire semester over to år (deltid).

Studia er planlagt å skje med undervisning på Hjelmeland i kombinasjon med digital undervisning

  

Oppstart og søknadsfrist

Studiet er eit samarbeid mellom Ryfylke IKS ved MOR og AOF Fagskolen.

 

Søknadsfrist er 09.09.2022. Oppstart siste veke i september med nok søkjarar.

 

Kontakt og informasjon

Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044

Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972

Meir informasjon og påmelding hos AOF Fagskolen

https://aof-fagskolen.no/utdanninger/?_subject_area=&_location=ryfylke

 

 

Alle nyheter