Shutterstock

Fagskuleutdanning til Ryfylke: Helse, miljø og sikkerheit 60 studiepoeng (deltid over to år)

I februar 2023 startar fagskuleutdanning i Ryfylke.

Søknadsfrist: 30.11.22

Oppstart: 08.02.23

Studiestad: Strand vgs

Utdanninga er gratis.

Målgruppa for utdanninga  

Fagskulen «Helse, miljø og sikkerheit» er for deg som vil arbeide med og for menneske, og der tema er helse, miljø og sikring på og av arbeidsplassen. Ønskjer du og å arbeida med koordinering av tiltak som er med på å gjera arbeidsplassen sikker, er dette utdanninga for deg.

Har du eller ønskjer du ei rolle i på arbeidsplassendin innan HMS-området, er fagskuleutdanninga Helse, miljø og sikkerheit eit val for deg.

 

Tema er:

Emne 1: Grunnelement i HMS-arbeid - 14 veker

·       Studieteknikk

·       Kommunikasjon og samhandling

·       Grunnelement i HMS-arbeidet

 

Emne 2: Regelverk, roller, systematikk og HMS-økonomi – 19 veker

·       Lov og regelverk

·       Ansvar og myndigheit, rollerog oppgåver

·       Systematisk HMS-arbeid

·       Kjemikaliehandtering

·       HMS-økonomi

·       Sikkerheit og beredskap

Emne3: Arbeidsmiljøfaktor – 19 veker

 

·       Fysiske faktorar

·       Psykososiale faktorar

·       Biologiske faktorar

·       Anna

 

Emne 4: Strategisk HMS arbeid – 16 veker

·       Medarbeidarskap

·       Kommunikasjon, arbeidsformer og metode

·       Strategisk arbeid i praksis

 

Emne 5: Fordjuping - 8 veker

Eit obligatorisk fordjupningsarbeid skal studentane arbeide med. Emnet for skal vera praksisretta, forankra i relevant teori, i tillegg til konkret og knytt til praksis og eitt eller fleire tema i utdanninga. Studenten skal gjennom dette arbeidet vise refleksjon og bruke både teori og erfaringar frå praksis.

 

Opptakskrav

 

Studielån/støtte 

Me oppmodar alle som vil ta studiet om å søkje eigen arbeidsgjevar om økonomisk /eller fri med løn. Det vanlege er at du har rett på fri med løn til eksamens- og lesedagar. Hugs å avtale med arbeidsgivar før studiet startar.

Du kan normalt søkje om lån og stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning. Søknadsfrist er 15.11. for haustsemestret og 15.3. for vårsemestret. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Villkår finn du på lånekassa sine heimesider: https://lanekassen.no

 

Oppstart og søknadsfrist

Studietilbodet er eit samarbeid mellom Ryfylke IKS/MOR og AOF Fagskolen.

 

Søknadsfrist er 30.11.2022. Oppstart08.02.2023 er det nok søkjarar.

 

Meir informasjon

Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044

Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972

 

https://aof-fagskolen.no/utdanninger/?_subject_area=&_location=ryfylke

Alle nyheter