Fleire tilbod om høgare utdanning i Ryfylke

Nå kan det bli fleire skreddarsydde studium og ordinære tilbod til Ryfylke etter at det er inngått ein samarbeidsavtale mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Ryfylke IKS.

- Føremålet med samarbeidsavtalen er å styrke kompetansen i Ryfylke, fortel dagleg leiar i Ryfylke IKS Øyvind Lundbakk. Det betyr å auke tilgangen på fleksible studium på høgskulenivå lagt til regionen vår.
- Me inviterer derfor arbeidslivet til å spela inn behov slik me saman med HVL kan forma tilpassa studium regionen vår treng.

Det er alt lagt ein mal for arbeidet gjennom studia som alt er i gang i regionen. Havbruksstudiet Den blå åker er eit av dei, der næringa sjølv saman med Høgskulen og Ryfylke IKS har samskapt ein studieplan. Studiet går nå på sitt andre semester og studentane og bedriftene sjølv får vera med å leggja føringar for kva som er viktig å leggja vekt på i studiet når tilbodet skal utviklast vidare, seier prorektor ved HVL Geir Kåre Resaland.
- Målet vårt er å utvikla tilbodet vidare med håp om å få til det første bachelorprogrammet innan havbruk på Vestlandet, med utgangspunkt i det pågåande studiet i Ryfylke.

Rådsordførar i Ryfylkerådet, Asbjørn Birkeland, meiner det er viktig at ryfylkingen kan vera student, bu heime og vera i vanleg aktivt arbeid.
- På denne måten kan langt fleire formalisera og auka kompetansen sin innan faget dei arbeider med.

Tilleggseffekten for Ryfylke er at innan til dømes havbruk får me ei kunnskapsdeling mellom personar som arbeider i ulike selskap innan næringa. Det er viktig for å tenkje nytt og annleis og dermed bidra til utvikling og innovasjon.

- Når personar som kanskje arbeider aleine om ei oppgåve i ei bedrift treffer kollegaer frå andre bedrifter i Ryfylke, er det med på å utvikle fagmiljøet i ei næring som er svært viktig for regionen, seier Birkeland.  

Interessa er stor for skreddarsydde studium og ordinære tilbod. Ryfylke IKS skal med denne avtalen vera ein regional koordinator og arbeide for å avdekke behov arbeidslivet har. Det blir årlege møte, der ein evaluerer eksisterande samarbeid, ferdigstilling av aktive studium og legg planar for igangsetting av nye tilbod basert på lokale behov, fortel Resaland ved HVL.

- Høgskulen på Vestlandet står som fagleg ansvarleg forstudia, mens Ryfylke IKS har ein lokal kunnskap som er viktig når tilbod skal formast og gjennomførast.  

Lundbakk peiker på at Ryfylke IKS vil halda god kontakt med dei vidaregåande skulane om utforming og gjennomføring av tilbod. Han legg vekt på at undervisinga vil skje på ulike lokasjonar i regionen avhengig av kva for tilbod det er snakk om.

- Det er óg tilfelle der dei vidaregåande skulane vil tilby fag på vidaregåande nivå for å kvalifisere vaksne til å ta del i planlagde studietilbod, avsluttar Lundbakk, som er svært nøgd med at Ryfylke har fått på plass ein avtale med Høgskulen på Vestlandet.  

Fakta

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Skulen har fem campusar; i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde. Kvart år uteksaminerer HVL omlag 4.500 kandidatar, som skal i gang med å løyse viktige samfunnsoppgåver.

Alle nyheter