Eirik T. Lygre

Fokus på unge

To masteroppgåver er publiserte det siste året, skrivne av Reidun Sandvik og Einar Schibevaag i Ryfylke IKS – begge i samband med MOR-prosjektet. På MOR-konferansen kom frilansjournalist Maria Klungtveit med eit kritisk blikk på det som kjem fram.

– Det låge utdanningsnivået i Ryfylke skuldast ikkje mangel på vilje, men mangel på utdanningsmoglegheiter. Det er eit gap mellom ønskt og faktisk utdanning i Ryfylke, kva folk ønskjer seg og kva dei har tilgang på av utdanning, slik eg les desse oppgåvene. Klungtveit held fram:

– Folk hoppar meir frå jobb til jobb enn tidlegare. Men det er ikkje så lett når ein bur i Indre Ryfylke. Då kan god arbeidsevne bli låst i feil stilling, fordi det er vanskeleg å ta meir utdanning.

Mange unge ryfylkingar drar til større byar for å ta høgare utdanning. Få av desse kjem tilbake. Klungtveit meiner det peikar på behovet for langt betre informasjonsflyt.

– Dei har godt av å dra ut, men me må halda dei varme medan dei er der. Ungdom skal ikkje aktivt måtte søka informasjon om kva som trengst i Ryfylke. Me må finna dei, understrekar ho.

Sjå sjølve oppgåvene under.

Masteroppgåve Reidun Sandvik

Masteroppgave Einar Schibevaag

Alle nyheter