På oppdrag frå MOR-prosjektet og Ryfylke IKS er dei utfordra på korleis betra kommunikasjonen med dei unge som bur eller reiser ut for å gå på skule. Målet er å få fleire til å finna heimplassen som ein spennade stad å bu og arbeida, fortel Reidun Sandvik som leiar arbeidet i Ryfylke IKS.
Lag din eigen boks
Moderne kommunikasjon kan få fleire til å busetja seg i distrikta, ifølgje Ingvild Erøy og Hege Fiskå. Dei meiner det verserer ei rekke myter om å bu på bygda: det er ikkje relevant jobb å få, det er vanskeleg å passa inn, og det er ikkje for alle. Men den gong ei:
– Lag din eigen boks, sånn som oss, sa Fiskå og Erøy. Sistnemnde har sjølv flytta tilbake til Ryfylke under pandemien.
Dei to gründarane trur mange unge i dag ikkje får med seg informasjonen om at dei er ønskte heim. Du må sjølv aktivt oppsøkja informasjon om det å flytta til Ryfylke. Kommunane søkjer ikkje dei unge. Men med moderne marknadsføring trur dei to at det vil vera mogleg å lokka langt fleire heim til distriktskommunen og Ryfylke.
– Kva betyr dette heilt konkret?
– Det betyr å møta unge i dei kanalane dei sjølv oppsøkjer og brukar. At dei ikkje plukkar opp ei brosjyre her og der, men blir møtt i deira eigen livssituasjon.
Det er berre til å ta i bruk verkemiddel som alt finst der ute, og treffa unge med bodskap som er relevante for dei.
– Ein ting er marknadsføring og synleggjering. Men på vegne av Agnes Ravatn og andre unge utflyttarar: går det verkeleg an å bu på landet sånn på ordentleg?
– Ja, det vil eg absolutt seie. Eg bur på Erøy, i Erfjord. Trikset er å flytta midt i ein pandemi, så merkar du knapt endringa. Me har jo bygga heile vår gründerreise på ein digital arbeidsmåte. Digitalisering opnar nye dører, og gjer det mogleg å bu der du vil. Har du ein jobb som driv deg i kvardagen – då kan du få i pose og sekk, seier Erøy.
Heilt heim-sida
Under konferansen i september 2021 tok dei til orde for ei informasjonsside for alle som funderer på å flytta heim. Her vil det vera ulike tilbod til ulike personar i ulike livssituasjonar – alt ifrå informasjon om barnehagedekning til ledige stillingar og turtips. Dei føreslo også å tilsetja ein «historieforteljar», som kan visa fram alt Ryfylke har å by på.
Ingvild Erøy og Hege Fiskå er IKT-grunderar og står bak Holy Moly Marketing og Kakadu.