Eirik Tangeraas Lygre

– Huk tak i kvinnene!

– Folk som ikkje bur i Sauda, Suldal eller Kvinnherad veit ikkje sitt eiga beste. – Folk må ha mat, og folk må ha sider. Det blei ein oppglødd debatt om det grøne skiftet på Kulturhuset i Suldal, der kommentator i Stavanger Aftenblad Hilde Øvrebekk hadde i oppgåve å halda styr på diskusjonen.

Kåre Bjarte Bjelland representerte Eramet Norway, og fortalde om utfordringane knytt til omstillinga smelteverket i Sauda står overfor.

– Me er berekraftige samanlikna med andre som driv med det same som oss. Men det betyr ikkje berekraftig, sa Bjelland, som viste til at smelteverket no produserer tre gonger meir enn då dei var godt over tusen tilsette ved fabrikken.

– Den einaste måten denne omstillinga kan gå på er viss me er rasande gode, understreka Bjelland. Samstundes meiner Bjelland at smelteverket ikkje kan vera hjørnesteinen i lokalsamfunnet, ettersom den langt på veg er prisgitt etterspurnad frå Kina, og kan måtte legga ned på kort varsel, om den skulle endra seg.

– Skulen er derimot ein god indikator på at det går godt med eit lokalsamfunn. Talet på lærlingar, fullføringsgrad, søkartal – at det blir noko av dei som er innom skulen, meiner Bjelland.

Gunnar Yttri er rektor ved Høgskulen på Vestlandet. I debatten la han vekt på at endringar i utdanningslengd påverkar flyttemønster. Når lærarar blir verande på utdanningsstaden i fem år framfor to år, er det langt meir sannsynleg at dei alt er etablerte før studietida er omme.

– Me må vera bevisst korleis utdanning påverkar flyttemønster, sa Yttri.

Desentralisert utdanning var eit nøkkeltema under årets MOR-konferanse på Sand. Men Yttri peika også på at me må bevega oss vekk frå eit syn på berekraft som berre femnar om økonomisk berekraft. Både berekraft når det kjem til naturressursane, men også sosial berekraft, bør vera ein del av diskusjonen.

– Berekraftsomgrepet må også romma det sosiale, og sjå på om ei næringa har eit godt samspel med lokalsamfunnet.

Dette har vore ein stor diskusjon i samband med vindkraftutbygginga dei siste åra, der mange har klandra utbyggarane for i for liten grad å gi noko att til lokalsamfunna, som må leva med naturinngrepa som utbygginga medfører.

– Ein ny generasjon må vera bevisst desse tinga, understreka Yttri.

Trass mange inngrep: Norge og Ryfylke har framleis ein rikhaldig natur. Då nyttar det kanskje ikkje alltid å bruka dette som kronargument for å lokka til oss nye innbyggjarar, sa Ragnhild Bjerkvik, kommunedirektør i Kvinnherad:

– Alle har flott natur i Norge! Snarare bør me skryta av gode velferdstenester. Me bør sjå moglegheitene digitaliseringa gir for å kunne bu på Sand, og jobba i Stavanger, oppmoda Bjerkvik, som la til at det er kvinnene som ofte har det siste ordet om kvar unge skal etablera seg, og dermed dei ein bør forsøka å påverka.

– Heilt einig, huk tak i kvinnene! stemte Andreas Kvame, dagleg leiar i Grieg Seafood i, før debattleiar Hilde Øvrebø fekk det siste ordet:

– Me må sørga for at damene blir.

Alle nyheter