Guri Melby, kunnskapsminister

Ingen skal gå ut på dato

Kompetansereforma – Å «læra heile livet» har som mål at ingen skal gå ut på dato.

Målet er å setja inn tiltak som skal hindra manglande kompetanse mellom det arbeidslivet treng, og den kompetansen arbeidstakar faktisk har.

Fleire må få fagleg oppdatering for å arbeida med andre oppgåver eller gå over i ny bransje, og til å stå lenger i jobb.  

Dei vidaregåande skulane får fullt ansvar for elevar fram til dei 24 år for å sikra at dei alle meistrar og får ei utdanning som legg grunnlag for arbeid eller for å gå vidare og ta høgare utdanning. Det utvida ansvaret fylkeskommunen her får legg og opp til betre integrering av vaksne og minoritetspråklege i ordinær yrkes- og fagopplæring.

Det blir her peika på kor viktig fylkeskommunen si rolle og sitt ansvar er for å gi innbyggjarane god rettleiing på vegen. Karriærerettleiinga må styrkjast og samordnast regionalt og lokalt. Ei sterkare samordning av tenesta internt på skulane blir dermed framheva:

Karrieresentrene bør derfor samarbeide eller samorganiseres med rådgiv ningstjenesten for elever. (Meld. St. 14.2019:2020 kap 6).

Les meir: Meld. St. 14 (2019–2020)Kompetansereformen – Lære hele livet

Alle nyheter