Næringslivet er avhengig av kompetanse for å forsterke posisjonar i eksisterande og nye produktmarknadar. Forå støtte opp om grunnlaget og behovet for ei brei kompetanseheving til alle sombur i regionen, vil kravet vera eit bredt tverr-/fleirfagleg samarbeid ogsamvilje mellom ulike aktørar.
Ryfylke IKS skal i prosjektet gjennomføre fem aktivitetar i samarbeidmed mellom anna næringsklynga på Tau, Tau Autonomy Center AS. Samarbeid og utviklingav teknologi knytt til dronar og andre autonome løysningar, (flygande dronar,undervassdronar og teknologi plassert på havbotn), er viktige verktøy i fleireindustrimiljø - både på lands og til havs.
«I Ryfylke har me mange små og mellomstorebedrifter. Dei er svært viktige for regionen vår og står for ei vesentleg delav verdiskapinga i Ryfylke. Ordninga vil vera med å styrkje bedriftene iRyfylke», seier rådsordførar i Ryfylkerådet og ordførar i Sauda, AsbjørnBirkeland.
Prosjektet blir leia av Ryfylke IKS og budsjettet for dei fem aktivitetaneer på totalt 6,4 millionar kroner. Satsinga er ein del MOR-prosjektet(Motivasjon, Opplæring og rettleiing) som er initiert av Sauda og Strandvidaregåande skular.