Kva er det med byen?

Kvifor vil me bu visse stader og ikkje andre? Det var utgangspunktet til Charlotta Melander, professor ved Jönköping-universitetet, som snakka til MOR-konferansen på videolenkje frå Spania.

Mellander kunne neppe vore stort klarare i talen. Som ein ekte stoikar oppmoda Mellander distriktskommunar til å fokusera på det dei kan gjera noko med, og akseptera at dei ikkje er allmektige.

Små plassar kan ganske enkelt ikkje utfordra globale trendar som urbanisering. Byveksten lar seg ikkje stoppe av verken pandemi eller krig. Mange unge som flytter frå Ryfylke vil bli verande i byane. Men somme grupper er det håp om å få tilbake.

Alle skiltar med vakker natur

–     Vindauget er ope når folk er mellom 18 og 35 år, sa Mellander, og viste til at det i all hovudsak er i dette tidsrommet at folk er villige til å flytte på seg. Då hjelper det lite å rette innsatsen mot etablerte 40-åringar.

Samstundes er det nokre kategoriar som skil seg ut. Folk med utanlandsk familiebakgrunn, single, og høgt utdanna har minst sannsyn for å flytta heim att. Derimot er det langt betre sjansar blant dei som får barn under utdanning eller innan fem år etter fullført utdanning.

Og, uheldigvis for Ryfylke-kommunane, så held det ikkje å skilte med vakker natur, meiner ho.

–     95 prosent av svenske kommunar reklamerer med vakker natur på sine heimesider. Vakker natur er ingen mangelvare i Norden.

 

Låge husprisar sender dårlege signal

Det same gjeld reklamering for låge bustadprisar på bygda. Dette formidlar først og fremst at staden har ein traust arbeidsmarknad, og at det er ein lite attraktiv stad å bu.

–     Låge husprisar er kanskje det verste argumentet ein kan bruke, sa Mellander, før ho siterte den amerikanske forfattaren Jane Jakobs: «When a place gets boring, even the rich people leave.»

Under pandemien var det likevel stor entusiasme for småstadane. Mange ville vekk frå smittefarlege folkemengder, og enkelte spekulerte i om det heile kunne vera ein ny start for distrikta. Mellander er overtydd om at det var eit blaff som raskt gjekk over. Historia gir ein klar peikepinn, meiner ho: der byar blir råka av krig og pandemi, går nedgangen alltid over like fort som den kom.

–     Byar er utruleg motstandsdyktige. På grunn at stordriftsfordelar, høge folketal og korte avstandar, får byane ei rekke fortrinn over distrikta. Det blir sterkare spesialisering, fleire ulike bransjar, mindre sårbarheit og meir kompetanse å ta av. Alt dette oppstår nærast av seg sjølv i byar, og gjer at folk også får høgare lønn, seier Mellander.

Ikkje nok å berre ha jobb

Som universitetsprofessor har ho etter kvar rettleia mange studentar. Kvar gong spør ho om dei ville vore villige til å flytta til naturskjønne stader som Kiruna eller Eksjö dersom det venta ein studierelevant jobb med god lønn der. Så og seia alle seier nei: dei skal til Stockholm eller Göteborg. Grunnen?

–     Det skjer ting der. Unge studentar vil ha ein bra jobb i kombinasjon med livsstil. Det må mindre byar forstå, understrekar Mellander.

Kva vil det så seia at det «skjer ting»? Jo, at det ikkje berre er produksjon og industri, men også konsumpsjon, eller forbruk, fortel Mellander. Unge vil ha italiensk, meksikansk og indisk mat, ikkje berre pizzeria. Nøkkelordet er variasjon i tilbodet.

Dersom distriktskommunar ikkje får til dette, er poenget til Mellander enkelt og greitt:

–     Dersom dei mellom 18 og 35 seg på deg som tråkig, då ligg du dårleg an.

Alle nyheter