Kva kompetanse treng Ryfylke

Saman med dei to vidaregåande skulane i Sauda og Strand aukar no Ryfylkekommunane fokuset på kompetansepolitikk og livslang læring.

Ryfylke IKS er alt koordinator for regjeringa si forsøksordning med regionale «Kompetansepilotar»,der målet er å identifisera utdanningsbehov. Då vil me kunne mobilisera til kompetanseheving og i betre grad kople saman innbyggjarane og arbeidslivet. Spesielt fokus vil bli gitt til Ryfylke sine viktige små- og mellomstore bedrifter.  

Saman med Telemarksforskning vil me gjennomføre ei kartlegging av innbyggjarane og arbeidslivet, som skal forsøke å gje svar på:

Kva kompetanse sit regionen på?

Kva er behovet for etter- og vidareutdanning i Ryfylke?

Kva skal til for eit auka fokus på og aksept for livslang læring?

Korleis skaper me eit regionalt kompetanse- samvirke kommune/fylke?

Korleis organiserer og samordnar me utdanningstilboda, og gjør detlettare å ta utdannelse lokalt?

Med dette grunnlaget, og ein region i omstilling, vil behov for kompetanløft kreve ein brei tverr-/fleirfagleg samproduksjon mellom ulike aktørar i næringsliv, skule og organisasjonsliv, seier dagleg leiar i Ryfylke IKS, Øyvind Lundbakk.

Han fortel vidare at meir forsking må til for å få fram kunnskap om dei behov og ynskjer regionen har for mellom anna kompetanse. Eit tilbod me vil forsøka å organisera og tilby lokalt.

Sauda og Strand vidaregåande skular har hatt eit sterkt fokus på MOR-prosjektet (Motivasjon,opplæring og rettleiing) gjennom fleire år. At Ryfylke blir med i den nasjonale ordninga (Kompetansepilotar) viser ei ytterlegare satsing på MOR-prosjektet, skriv rektor Erik Danielsen ved Strand vgs til sine tilsette. Skulen vil her i det komande året blant anna bidra med at Einar Schibevag ved skulen går inn iRyfylke IKS for å arbeide med spesifikke oppgåver innanfor prosjektet.

Øyvind Lundbakk fortel at Schibevaag vil få eit sentralt ansvar for kompetansekartleggingane som skal gjennomførast, i tillegg til planlegging og gjennomføring av den årlege MOR-konferansen som finn stad på Sand i månadsskiftet august/september.

Alle nyheter