Mastergradsstipend til ryfylkingar

Fakta og forsking spelar ei stor rolle for utviklinga av arbeidslivet og lokalsamfunna me er ein del av. Ryfylke IKS lyser nå ut to mastergradsstipend (av totalt seks) som skal vera med å styrkja FOU-arbeidet om forhold som gjeld Ryfylke. Stipendet er på 100 000 kroner.

Retningsliner - stipend

Ryfylke IKS koordinerer MOR-arbeidet saman med Sauda og Strand vidaregåande skular og Rogaland fylkeskommune. MOR (motivasjon, opplæring og rettleiing) har som mål å styrkja fokuset på livslang læring i Ryfylke. Mellom anna ved å tilby fleksible og desentraliserte kurs og utdanningar i Ryfylke i tillegg til å gje råd, motivera og leggje til rette for opplæringstilbod til folk og arbeidsliv i regionen. 

Dei neste tre åra skal me dela ut seks stipend (to kvart år) til personar som ynskjer å ta mastergrad.

Måla for kompetansehevinga: 

Du ønskjer å ta ein mastergrad og om du vil samarbeida med oss om å få fram ny kunnskap om forhold som kan styrkje næringsliv og offentleg sektor i Ryfylke kan du søkje. Me har som mål at arbeidet ditt skal bidra til ny kunnskap og tar for seg problemstillingar innanfor eit eller fleire område som vist under:

 

·       Å bidra til utvikling i ei eller fleire av dei sentrale næringane i Ryfylke innan kraftproduksjon, bergverk, havbruk, landbruk eller prosessindustri

·       Gjennom samskaping og breie tverr-/fleirfaglege samarbeid styrkje dei offentlege tenestene for folk som bur i Ryfylke

·       Å styrkja fagmiljøet for dei som arbeider med karriererettleiing med sikte på å samprodusera om løysingar til beste for brukaren og arbeidslivet.

·       Å bidra til å byggja faglege nettverk på tvers av næringar/sektorar, for fagleg utvikling, nyskaping og innovasjon.

 

Kven kan søkja og kva er vilkåra for å bli vurdert?

• Du tar ei masterutdanning og vil skriva ei masteroppgåve som er relevant for Ryfylke jamfør punkta over.

• Har du ein arbeidsgjevaren bør han gje deg fri med løn til å følgja undervisinga og gjennomføra eksamenar. 

• Stipendet blir berre utbetalt om du fullfører studiet. 

• Har du alt starta på utdanninga, kan du òg søkja om stipendet.

Søknadsfrist:

Innan den 01.02.2023 sender du oss ein skriftleg søknad der du gjer greie for bakgrunn og kva målet ditt er med å ta utdanninga. Har du tankar om kva du vil skrive master innan er det fint om du gjer greie for dette.

Søknaden sender du til mor@ryfylkeiks.no

Alle nyheter