Med e-sport tilbake i skule og jobb: – Meistring er hovudfokus

– Me har fokus på meistring og moglegheiter. Opplevinga av meistring er avgjerande for å tørre å gå ut av komfortsona og utfordra seg sjølv.

Det seier Kari Førland Lauvsnes, som er tilsett ved Strand VGS og har hovudansvarfor det to år gamle tilbodet «Eitt steg vidare». Prosjektet rettar seg mot dei mellom 16 og 30 som av ulike årsaker ikkje deltar i skule eller jobb, og som bruker mykje tid på spelaktivitetar.

 

Satsinga forsøker å gi denne gruppa hjelp og rettleiing til å komma vidare ved å integrera e-sport og spelarenaen som er bygd opp ved Strand VGS, i tilbodet.

 

–       Me har vald namnet «Eitt steg vidare» fordi det skildrar svært godt målet for arbeidet som blir gjort: at kvar enkelt deltakar skal komma seg eit steg vidare frå der dei er til ei kvar tid, fortel Førland Lauvsnes.

Kari Førland Lauvsnes, rådgjevar ved Strand vgs

Vidt aldersspenn

Ho fortel at det er gode grunnar til at aldersspennet er så vidt. For gruppa som er godt oppe i 20-åra utan å vera i utdanning eller arbeid, finst nemleg ikkje noka liknande tilbod.

 

–       Me opplever at det fungerer bra med den aldersblandinga og det er plass til dei. Dei på 28 har same behov som dei på 17, og bidrar med ulik erfaring.

 

Deltakarane kjem både frå Ryfylke-kommunane og Stavanger. I motsetning til det som er norma for utdanningstilbod, opererer «Eitt steg vidare» med kontinuerleg opptak. Slik kan kvar enkelt deltakar få individuell rettleiing og tilrettelegging i det tempoet dei klarer. Dei bruker heller ikkje av retten til vidaregåande opplæring, presiserer Førland Lauvsnes, og legg til:

 

–     For mange av deltakarane er rutinar og sosial tilhøyrsle veldig viktig. Her er meistring hovudfokus, og så fort du opplever meistring på eitt område, gir det deg tru på at du kan meistra andre ting òg, fortel Førland Lauvsnes.

 

Ho fortel at mange av deltakarane faktisk får framgang, og gradvis meistrar livet betre. Den meistringa gir dei større tru på seg sjølv, og gjer at dei vil bidra i gruppa så vel som i samfunnet elles. For mange av deltakarane går vegen vidare til praksisplass i bedrift, medan andre kombinerer praksis og skule.

 

–       Med utgangspunkt i deltakaren sine interesser finn me praksisplass i bedrift slik at dei skal få erfaring og prøve ut yrke eller utdanning som kan vera aktuell for dei.

 

Tverrprofesjonelt samarbeid

Lauvsnes Førland skildrar det som ein «milepæl» kvar gong nokon blir ferdige hos dei. Samstundes ser ho at mange treng ei overgangsordning der dei dels blir verande hos dei, og dels går på skule eller i praksis for at dei skal klara det.

 

–       Dei har vore utanfor så lenge at det tar tid å komma så langt at dei står heilt på eigne bein. Deltakarane som går mot praksis, læretid, fast jobb eller skule er framleis innom til rettleiing og har ståande tilbod om det, slik at vi kan vera med og hjelpe dei med eventuelle utfordringar. Det er for å unngå at dei fell frå igjen.

 

Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Strand VGS, NAV Strand og Oppfølgingstenesta i Rogaland Fylkeskommune, ser så langt ut til å ha vore svært vellukka, ifølgje Førland Lauvsnes, som erfarer at dei kan hjelpa deltakarane langt betre når dei samarbeider enn dei kunne gjort kvar for seg.

 

No er målet å få tak i endå fleire som vil eitt steg framover, men ikkje veit om tilbodet. Og ikkje minst å få etablert ordninga som eit permanent tilbod.

 

–       Deltakarane gir tilbakemelding om at dei får nye vener, dei opplever å bety noko, dei blir «sjef i eige liv», og får auka tru på seg sjølv. Og dei melder tilbake at det har vore viktig med støtte frå oss for å få dette til, avsluttar Førland Lauvsnes.

 

Alle nyheter