Jan Nordtveit

MOR-konferanse og politisk debattmøte

9. og 10. september blir det politisk debattmøte og konferanse der strategiar for kompetansepolitikk skal utfordrast.

Det er 5. gongen MOR-konferansen finn stad på, i år på kulturhuset i Suldal - og tema blir "KOMPETANSEUTVIKLING og NÆRINGSUTVIKLING - to sider av same sak", fortel leiar av MOR-rådet, Solveig Ege Tengesdal.

Tema som blir sett på dagorden er:

• Ryfylke - ein verdiskapar, men kor blir pengane av?  

• Ei ny tid «utan olje» - kor går me i ei ny, grøn tid?

• Når brukaren og arbeidslivet sine behov tel mest – og Ryfylke er i fokus med ny opplæringslov på trappene  

• Karriererettleiing sett frå grasrota og brukaren sin ståstad -  behovet for å læra heile livet. Påverkar endringar i samfunnet arbeidsmåtane våre?

MOR-konferansen er blitt ein viktig samskapingsarena for livslang læring og i år vil me og arrangere eit ope politisk folkemøte på kulturhuset.

- Stortingskandidatar er invitert til å diskutera om soga til distriktspolitikken er ei suksesshistorie eller ikkje, seier Tengesdal.

Hovudfokus for debatten blir kompetansepolitikk og korleis regionen kan kapre meir av den store verdiskapinga Ryfylke står for. Spørsmål som blir sett på i lys av Brandtzæg- og Norman-utvala sine innstillingar. Håvard Teigen, professor emeritus i regional økonomi og politikk ved Høgskolen i Innlandet, innleiar til debatten som Tom Hetland, tidlegare redaktør i Aftenbladet, leiar.

Fullstendig program finn du på moriryfylke.com/

Alle nyheter