MOR-konferansen 2021

For 5. gong finn MOR-konferansen stad, 9. og 10. september på Sand. Leiar av MOR-rådet, Solveig Ege Tengesdal, fortel at tema i år blir "KOMPETANSEUTVIKLING og NÆRINGSUTVIKLING - to sider av same sak".‍

Konferansen er ein viktig samskapingsarena for livslang læring. 

-       Det er brei politisk støtte i Noreg for å satse på kompetanseheving og livslang læring, seier Tengesdal.

Gjennom Stortingsmelding 14:2019/2020 Kompetansereforma blir det slått fast at utdanningane må vere relevante for arbeidslivet, og det offentlege må saman med arbeidslivet forma dei behova som er lokalt. Det skjer gjennom å skapa framtida saman - å samskapa og samprodusera.

Torsdag kveld inviterer MOR-prosjektet til eit ope politisk debattmøte og utgangspunktet er Normanutvalet si innstilling - NOU 15:2020 Demografiutfordringar i distrikta.

Professor Håvard Teigen ved Høgskulen i Innlandet vil innleia til debatt.

Debatten blir leia av røynde journalister som kjenner tematikken godt, og møtet er ope for publikum i tillegg til at det blir streama på nett.

Sjølve konferanseprogrammet (fredag) er på det næraste klar, og vil bli ferdigstilt imai.  

 

Alle nyheter