Konferansen er ein viktigsamskapingsarena for livslang læring.
- Det er brei politisk støtte i Noreg for å satse på kompetanseheving og livslang læring, seier Tengesdal.
Gjennom Stortingsmelding 14: 2019-2020 Kompetansereforma blir det slått fast at utdanningane må vere relevante for arbeidslivet, og det offentlege må saman med arbeidslivet forma dei behova som er lokalt. Det skjer gjennom å skapa framtida saman - å samskapa og samprodusera.
Torsdag kveld inviterer MOR-prosjektet til eit ope politisk debattmøte og utgangspunktet er Normanutvalet si innstilling - NOU 15:2020 Demografiutfordringar i distrikta.
Professor Håvard Teigen ved Høgskulen i Innlandet vil innleia til debatt.
Debatten blir leia av røynde journalister som kjenner tematikken godt, og møtet er ope for publikum i tillegg til at det blir streama på nett.