Norman-utvalet viser veg

Ryfylke vil ha større råderett over korleis utvikla regionen sin. Fokuset er livslang læring, større tilgang på kraft, reversering av fylkeskommunal og statleg nedbygging av oppgåver. Det er nokre av innspela Ryfylke IKS har kome med til Norman-utvalet si innstilling, NOU 15:2015 Det handler om Norge — Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.
Ryfylke trekkjer spesielt fram desse områda for betring av vilkåra i eigen region:

Kommunane i Ryfylke IKS ser det som viktig å byggja sterkare og meir strukturerte regionale samarbeidsløysingar, slik Norman-utvalet peikar på i NOU 15:2020. Utfordringa blir å tenkja nytt og å gjera det saman, eit breitt tverr-/fleirfagleg samvirke mellom stat, fylkeskommune og kommune. Samskapingskommunen innan fleire tenesteområde må baserast på lokale føresetnadar og behov. 

Delegert mynde og regional innretning og større råderett over utviklingsmidlar gjer variasjon i tilnærmingsmåte. Østerdalen og Ryfylke har ulike utfordringar. Det må stimulerast til at nye tiltak og ordningar i distriktspolitikken blir prøvd ut for å fremje tenesteutvikling og  innovasjon i distrikta. Ryfylkekommunane er i så måte opne for dialog for å prøve ut nye og konkrete tiltak og ordningar.

* Ryfylke er ein stor kraftproduserande region i Noreg. Dette er den største varige konkurransefordelen regionen har, men som med dagens ordningar ikkje lar seg realisera. Det må vera eit krav at aktørane i kraftmarknaden og styremaktene er med og byggjer ut kapasitet som gjer det mogleg å lokalisera kraftkrevjande næringar i Ryfylke.   

* Høg standard på stamvegen (RV 13) gjennom Ryfylke er viktig for å styrkje den regionale arbeidsmarknaden og som sentral transportkorridor for næringslivet. På same måte som at effekten av Englandskabelen må kome heile Ryfylke til del og ikkje berre vekstområdet på Nord-Jæren. Å sikre Fjordvegen som livsnerve i Ryfylke for næringsliv, pendlarar og skuleungdom er viktig.

* Livslang læring må stå sentralt i å styrkja distrikta si rolle. Gjennom MOR-prosjektet (Motivasjon opplæring og rettleiing) har regionen løfta saka fram. Utdanningsinstitusjonane har i dag eit uklart mandat på området fleksibel og desentralisert utdanning med eit livslangtperspektiv. Å la næringslivet og kommunane si rolle bli sterkare i styring og utvikling av dei regionale kompetansesentra våre må formaliserast og utviklast. Å løfte den formelle kompetansen hjå dei som bur her og å trygge arbeidslivet sine behov for kompetanse gjennom lokale løysingar blir viktig.

* Nedbygginga av fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar i distrikta må leggjast om. Å skape faglege klynger og/eller at konkrete oppgåver blir lagt til og leia frå distrikta blir viktig for mangfaldet av arbeidsplasstilbod innan ein bu- og arbeidsregion. Tida med Covid-19 har til fulle vist at Noreg går vidare om ikkje alle sit på kontora sine i bynære område. Ryfylke er opne og klare for å dialog om pilot for distriktsnære statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar.

* Sentralitetsnivået i Ryfylke viser låg score. Eit viktig verkemiddel for å lokalisera arbeidsplassar utanfor sentrale strok er redusert arbeidsgjevaravgift. Å setja ned arbeidsavgifta ein klasse for kommunane i Ryfylke (inklusive gamle Forsand kommune) vil vera eit viktig bidrag i møte med vekstområdet på Nord-Jæren.         

* Ein svakt fungerande bustadmarknad er ei stor utfordring. Husbanken må difor vere ein aktiv samarbeidspart for distriktskommunar, og utvikle økonomiske verkemiddel, som rettar seg spesielt mot distrikta sine utfordringar.

Alle nyheter