Ny fagskule innan sansestimulering

Ryfylke skal vera med å utvikla eit fagskoletilbod for helsefagarbeidarar innan sansestimulering og virtuell velferdsteknologi. Studiestart blir hausten 2023.

- Eit spennande vidareutdanningstilbod for folk i Ryfylke seier, Reidun Sandvik, rådgjevar i Ryfylke IKS.

AOF Fagskolen har fått midlar frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til å utvikla ei ny fagskoleutdanning (60 studiepoeng over to år) innan helse. Studiet skal bidra til auka kompetansen innan sansestimulering og virtuell velferdsteknologi.

Utdanninga vil i første omgang bli tilbydd på tre stader: Ullensvang, Kvinesdal og Hjelmeland med oppstart neste haust, seier Cathrine Westmork, utviklingsleiar i AOF Fagskolen.

Den kompetansen og teknologien studiet vil fokusera på er viktig og svært aktuell. Spesielt i ein region som vår med sterkt auke i talet eldre. Kompetansen utdanninga gir kan være til hjelp for fleire pasient- og brukargrupper: Menneske med demens, psykiske helseutfordringar, slagramma, menneske med språkvanskar, barn med behov for stimulering for betre  livskvalitet.  

Å styrkje sanseinntrykk kan gi stimuli og positiv effekt med hjelp av bruk av bilde og film frå pasienten sin eigen historie (personleg liv, yrkesliv, minneverdige opplevingar, nærområde osv.) lukter og musikk. På denne måten blir sansane stimulert, og pårørande/pleiarar får betre forståing av personen og korleis den enkelte sin livsfase kan gjerast optimal. Både søvn, appetittregulering, smerte, uro, kommunikasjon, livskvalitet, samhandling og aggresjon kan betrast ved bruka av relevante stimuli for den enkelte.

- Kompetanse på dette området kan og vera med å bøta på følger av den store sjukepleiarmangelen me ser i mange distrikt, Ryfylke inkludert, fortel Cathrine Westmork.

- Mange pasientar kan dermed oppnå betre helse og opplevingar av eiga meistring ved hjelp av slik stimulering utdanninga vil leggja vekt på.

Sentral i utviklinga av tilbodet er Arthur Serrano, professor i velferdsteknologi ved NTNU.

- Alt i august 2022 vil det bli sett ned eit plangruppe, der Ryfylke blir representert i utviklingsarbeidet skal munne ut i ei fagskuleutdanning som skal vera samlingsbasert og lagt til regionen fortel, Reidun Sandvik.

- Kvalifikasjon til opptak vil vera fagbrev som helsefagarbeidar, eventuell lang praksis som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.

Studiet er på 60 studiepoeng og vil gå over to år.

Alle nyheter