Sikker, viktig og naudsynt kompetanse for framtida
Denne type kompetanse er svært viktig og aktuell i vår region kor me no opplev ein sterk auke i talet på eldre. Med eit veksande behov for helsearbeidarar generelt, er dette ei moglegheit for å tileigna seg ny og spanande kunnskap som vil betre helse og livskvalitet for fleire sårbare grupper i kommunane.
Stimulering av sansar gir auka livskvalitet
Ved å kople teknologien på omsorgstenesta, vil nye vegar mot lysare kvardagar for den enkelte brukar/pasient opna seg. Forsking seier at ved å stimulera sansar vil ein kunne betra evnene til å snakka og handla saman, i tillegg vil det verke positivt inn på svevn, appetitt og uro, samt at ein kan få ned bruken av medisinar.
Nye, spanande moglegheiter for fleire
Eldre eller personar med ei funksjonshemming som har færre måtar å oppleva naturlege sansestimuli, vil få god nytte av teknologi slik at nye sanserom kan opnast. Ein kan nytta smak, lukt, berøring, musikk og mykje anna for å finna den rette kombinasjonen for den enkelte brukar. Slik blir den kognitive delen av hjernen halden i aktivitet slik at både meistring og livskvalitet får gode vekstvilkår. Det er òg vist at ved å stimulera på rett måte kan demenssjukdomar bremsast i utvikling.
Berre fantasien set grenser
Multimedieverktøy bidreg til å danna gode og heilt individuelle sanserom tilpassa den enkelte. Ein kan til dømes nytta kjende og trygge bilete, filmar og musikk frå før-livet til ein med demenssjukdom slik at personen kan kjenne på livsglede. Kva med han som aldri kom seg ut i verda? Nå kan han tre på seg VR-briller og spasera nedover Fifth Avenue i New York, ta seg ein rusletur på den kinesiske mur eller besøkja barndomens dal. For eit lite barn kan ei virtuell og innovativ fantasiverd gi eit godt pusterom i kvardagen, og for ein person som har mist synet kan det vera godt å slappa av til musikk og gode dufter for å finna ein fredeleg livslomme. Det er eigentleg berre fantasien som setgrenser.
-Dette er kjempespanande! I arbeidet med å laga faginnhald i utdanninga fekk me prøva VR-briller, og då me tok på veggen i sanserommet kom det sommarfuglar fykande kring oss, det var heilt vedunderleg ekte. Berre tenk kva det kan gjera for eit lite barn. Eg har stor tru på at dette er framtida og at det vil heva livskvaliteten for mange!
Oddbjørg Lovra, Demenskoordinator i Suldal og Ryfylke sin representant i AOF-Fagskolen i plangruppe for innhaldet i Digital sansestimulering og virtuell velferdsteknologi.
Mennesket først!
Utdanninga blir tilgjengeleg på Hjelmeland til hausten. I nysatsinga blir det i tillegg til digital-og virtuell lærdom, lagt stor vekt på det menneskelege aspektet. Ein vil mellom anna læra om etikk, kommunikasjon og samhandling, ulike rehabiliteringsprosessar, sanseforsåing og pårørandearbeid. Ved å kjenna brukaren godt, vil ein kunne lage eit tilpassa opplegg til den enkelte, slik at samspelet mellom brukaren, pårørande og personell blir betre. Kunnskapen i denne utdanninga er relevant for mange grupper i samfunnet vårt, det vera seg barnehagar, skule, psykisk helse og andre institusjonar.
Utdanninga kan kombinerast med jobb
Det er lagt opp til eit samling – og nettbasert utdanningsløp slik at studiet kan komiberast med jobb ved sidan av. Undervisningstida er lagt til kveldstid og blir gjennomført på to år. Utdanninga blir avslutta med ei skriftleg fordjupingsoppgåve med munnleg eksamen. Ein sit att med 60 studiepoeng og tittelen «Fagskolegrad». Ein annan fordel er at ein kan gå direkte ut i arbeid utan ytterlegare opplæringstiltak.
Dette er utdanninga for deg som
Dette er ei utdanning for framtida!