Eirik T. Lygre

Nye vegar til utdanning for vaksne i Ryfylke: – Skal vera lett å bu i Suldalsosen og ta utdanning

– Me har som mål å tetta gapet mellom det arbeidslivet treng, og det som finst av kompetanse i Ryfylke.

Det seier Kari Førland Lauvnes, rettleiar ved vaksenopplæringa på Strand. Kristin Bruknapp har tilsvarande rolle ved vaksenopplæringa i Sauda, og legg til:

– Med to vaksenopplæringssenter i Ryfylke står me mykje sterkare, og er betre i stand til å møta behovet i regionen. Me delar behov, lærarkrefter, erfaringar og fasilitetar. Det gir også større moglegheiter.

– Og kanskje har me ikkje stort nok elevgrunnlag kvar for oss, supplerer Førland Lauvsnes.

Utdanning i Suldalsosen

Vaksenopplæringa er eit gratis tilbod om studiekompetanse, fag- eller svennebrev, eller yrkeskompetanse. Ordninga legg vekt på å vera fleksibel, og kan finna stad både på dagtid, kveldstid og på nett, slik at opplæringa enklare lét seg kombinera med jobb og familie. Undervisinga finn stad saman med andre vaksne, og tilboda ved vaksenopplæringa blir sett opp etter meldte behov frå arbeidslivet, NAV, kommunal vaksenopplæring og enkeltpersonar.

– Me vil at det skal vera lett å bu i Suldalsosen med familie, fritidsaktivitetar og jobb – og samstundes ta etter- og vidareutdanning, for eksempel ved nett – og samlingsbasert opplæring. I samarbeid med Ryfylke IKS og andre utdanningsinstitusjonar legg me også til rette for fagskule- og høgare utdanning i vår region. Skulane held også ulike kurs for arbeidslivet, seier Førland Lauvsnes

Det var ved omorganiseringa av vaksenopplæringa 2017 at Fylkestinget gjekk inn for å styrka dei desentraliserte opplæringstilboda for vaksne. Inntil vidare er det altså snakk om ei prøveordning med vaksenopplæring i distrikta, som skal strekka seg frå 2020 fram til 2024. Men Førland Lauvsnes og Bruknapp er fast bestemde på at dette er noko som er kome for å bli:

– Planane våre framover er først og fremst å vidareføra ordninga på fast basis. Karriererettleiing er også ei teneste som me ser eit auka behov for og som me ønsker skal vere meir tilgjengeleg for vaksne i Ryfylke.

Dei understrekar at karriererettleiing allereie er noko vaksenopplæringa driv med, sjølv om det ikkje er del av deira mandat. I dag er karriererettleiing eit tilbod frå fylkeskommunen med kontor i Stavanger, Haugesund, Egersund og på Bryne. I tillegg finst moglegheiter for rettleiing over telefon eller video. Men det kan bli langt å dra til Haugesund eller Stavanger om ein ønskjer fysisk rettleiing.

– Me ønskjer at karriererettleiing skal finnast som fast tilbod i distrikta, for eksempel som del av eit utdanningssenter i Ryfylke.

No er dei i gong med nye prosjekt, som skal gjera det endå enklare for vaksne i Ryfylke å opparbeida seg studiekompetanse og yrkesopplæring:

– Me har starta eit spanande samarbeidsprosjekt om nett- og samlingsbaserte fag mot studiekompetanse. Det skal vere mogleg å ta studiekompetanse for vaksne i Ryfylke. Samlingane vekslar mellom Sauda, Sand og Strand.

– Det er no også mogleg å få opplæring mot eit fagbrev nr. 2. Me held også eksamensførebuande kurs for dei som ønsker å gå opp som privatistar og som har erfaring frå arbeidslivet, fortel Bruknapp og Førland Lauvsnes.

Alle nyheter