Ryfylke IKS formar nytt vegkart

Ryfylkeinterkommunale selskap har det siste halve året arbeidd med å forma ein nystrategi for selskapet og regionen.

Fokuset er at regionen har vore –og er ein stor verdiskapar, men det gjev ikkje nødvendigvis høg lønnsemd ellervelstand på person-, bransje-, bedrifts- eller regionsnivå. Ei utfordring forRyfylke, er at ein er eksponert for høg grad av verdikapring. Dette ereksemplifisert I PLANEN gjennom forholdet til kraftsystemet i Ryfylke. Eit eldredistribusjonsnett som medfører at ein ikkje får utnytta produksjonen lokalt, førertil at andre aktørar, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, kaprar storedelar av verdiane.

 Uformellog formell kompetanse

Innbyggjaranei Ryfylke har høg kompetanse, men den er ikkje nødvendigvis formalisert.Kompetent og relevant arbeidskraft er ein føresetnad for omstilling og vekst.Omlag 20% av dei som bur i Ryfylke har utdanning over vidaregåande skule (iOslo-området cirka 50%). Opp mot 30% i Ryfylke har berre fullført grunnskulen.

 Endringog  innovasjon

Strategienpeikar på at det er stor vilje til etter- og vidareutdanning i Ryfylke, men 9av 10 føreset at dei kan bu heime når dei skal formalisera eksisterandekunnskap eller utvida denne. Gitt at ein lukkast innan nye vertikalar innanenergikrevjande industri som hydrogenproduksjon, battericelleproduksjon,testsenter for autonome fartøy (dronar) og datasenter, vil regionen trengekompetansetilførsel.

«Om me tenkjer på deiindividuelle behova den enkelte har for å kunne ta ei utdanning og stå i arbeidi eit livslangt perspektiv og bidra til samfunnsbygginga, blir satsing på kunnskap i årasom kjem avgjerande viktig», fortel dagleg leiar i Ryfylke IKS, Øyvind Lundbakk.

 Åleggja grunnlaget saman

Lundbakkmeiner Ryfylke IKS er ein viktig organisasjon som kan leggje grunnlaget for ei brei satsingpå kompetanseheving til alle som bur i regionen. Det krev at eit bredttverr-/fleirfagleg samarbeid og samvilje mellom ulike aktørar står sentralt. Deito vidaregåande skulane i Ryfylke er viktige kompetansesentre som kan vera medå bidra til det vegkartet som er laga for vekst og utvikling i regionen.  

 Eitviktig skritt i arbeidet er at Ryfylke IKS har tilsett Reidun Sandvik Hetland som skalleia prosjektet «Kompetanse Ryfylke», som skal setja fokus påkompetansepolitikk og livslang læring i regionen.

Alle nyheter