– Det skjer mykje spennande i Ryfylke og det har det gjort i mange år, seier Lasse Eide seksjonssjef for regional kompetanse i opplæringsavdelinga i Rogaland Fylkeskommune. Eide sit i programkomiteen til årets MOR-konferanse.
Han seier at det er stor aktivitet innan blant anna kraftkrevjande industri, havbruk, landbruk og reiseliv, men samtidig så er det ei stor utfordring med arbeidskraft.
– Ryfylke treng relevant kompetanse for å utvikla seg vidare, òg tiltrekkja fleire arbeidstakarar. Korleis kan denne utfordringa løysast?
Tema for konferansen i 2023 er «Kompetanse og rekruttering – heng det saman?» Eit svært relevant og viktig spørsmål.
– Utfordringane i Ryfylke er dei same som i resten av landet, seier Eide. Den 24.mars 2023 la statsråd Ola Borten Moe fram stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Noreg. Bakgrunn for meldinga er at det blir relativt færre menneske i arbeidsfør alder etter kvart som befolkninga blir eldre og ungdomskulla blir mindre. Dette fører til at verksemder over heile landet slit med å få finna arbeidskraft med rett kompetanse.
–«I landet vårt går vi tom for folk før me går tom for pengar», blei det sagt i utsynsmeldinga. Det er ei anerkjenning som er viktig å ta med seg, seier Eide.
Utfordringane i Ryfylke er ikkje unike – desse utfordringa gjeld både i bygd og i by.
– Og det gjer at utfordringane til distrikta blir dobbelt så store eigentleg. Du må ikkje berre ha rett folk på rett stad, men du må òg ha nok folk. Og dei folka må flytte frå sentrale strøk der dei også er ettertrakta, til Ryfylke. Men kvifor skal dei gjere det?
–Det er jo eit ekstremt relevant tema nasjonalt akkurat no, men òg i ein global samanheng. Dette er heller ikkje ei norsk utfordring, om me ser det i eit større perspektiv, fortsetter Eide.
– På konferansen i fjor var stemma til ungdommen veldig sterk. Det er viktig å få ungdommane til å bli i Ryfylke. Skal me få det til må me tenkje heilt ned i grunnskule og barnehagen for å skapa ein link mellom den unge generasjonen og næringslivet. Den bevisstheita har auka veldig det siste året og vart veldig synleg på konferansen i 2022. Og me kan jo sei at årets konferanse er ein forlenging frå i fjor.
– Den raude tråden i årets program er ulike perspektiv innan rekruttering og kompetanseheving. I år er det òg ei vinkling opp mot valet, der det blir naturleg å utfordre politikarane på korleis dei vil løyse desse utfordringane.
Eide seier at ein god del av årets foredragshaldarar har lokal tilknyting, enten ved at dei bur og kjem frå Ryfylke, eller at dei jobbar med tematikk som er relevant for Ryfylke.
– MOR-konferansen har opp gjennom åra vore flinke til å dra med seg impulsar frå andre delar av landet, noko dei skal gjer i år òg.
– Det kjem foredragshaldarar tilreisande frå andre regionar som har jobba med dei same utfordringane – kanskje me kan lære av kvarandre?
MOR-konferansen er ein viktig møteplass for kunnskapsdeling og nettverksbygging på tvers av kommunegrensene.
Årets konferanse er relevant for alle som jobbar med dei same utfordringane i Rogaland, og det gjeld ikkje berre distrikta.
– Det vil vere ein styrke for heile fylket at både distrikt og sentrale strøk går saman og finn løysningar på tvers av regionane. Me kan lære av kvarandre og hauste av erfaringar frå korleis ulike regionar løyse liknande utfordringar.
– Denne konferansen vil vera svært relevant for personar som jobbar med kompetanse og næringspolitikk på ulike nivå. Men òg næringslivsaktørar – dei som skal etablere og utvide verksemder, og dei som jobbar med leiing og utvikling av næringslivet i Ryfylke. Og ikkje minst politikare også. Politikarane skal ikkje berre vere der for å spreie det glade bodskapet med valløfter – dette er kompetanseheving for dei òg.
–Me har komen frem til et program som eg håpe at både dei som bur, jobbar og drive næringsverksemd i Ryfylke, finn interessant og vil prioritera tid til. Konferansen er òg aktuell for alle dei som samhandlar med Ryfylke, som har stor interesse i at Ryfylke lykkes som region, seier Eide.
– Etter konferansen ønskjer eg at folk skal oppleve å ha hatt ein god refleksjon rundt kompetanse- og rekrutteringsutfordringar.
Han håpar at den enkelte får innsyn i løysingar som kan takast med vidare.
– Kanskje dei finn nokre svar på korleis dei kan gripe fatt i problemstillinga, kva kan dei gjere sjølve, og kva slags aktørar dei kan samarbeide med når dei skal ta tak i dei utfordringane me står overfor.
I 2023 arrangerast MOR-konferansen for 8.gang. Arrangementet er ein viktig møteplass for alle som er opptekne av kompetanseutvikling og at læring gjeld heile livet.
Programmet skal både formidle ny kunnskap og la aktørar som jobbar med kompetanse i det daglege, få dele sine erfaringar og synspunkt.
I år blir konferansen arrangert over to dagar – torsdag 31.august-fredag 1.september, på Folkets Hus i Sauda.
Les meir om programmet her: MOR-konferansen 2023