Eitt av prosjekta i Kompetansepilot Ryfylke er å skaffe meir kunnskap om korleis det står til i Ryfylke og finne ut kva kompetanse arbeidslivet treng. Rapporten er ei oppsummering av funn og erfaringar frå denne undersøkinga. Ho gir innsyn og grunnlag for korleis Ryfylke kan møte behova for kompetanse i arbeidslivet. Rapporten viser at det er naturleg å sjå kompetanse og rekruttering i samanheng.
Rapporten konkluderer med at både innsamling av fakta og personlege møte med arbeidslivet er viktig. Når ein får nær kontakt med bedriftene, får ein innsyn i kva dei treng. Å få innsyn i kvardagen til bedriftene skapar moglegheiter for å diskutere konkrete tiltak for å auke kompetansen og rekruttering, både åleine eller i partnarskap.
– Ryfylke har mange utfordringar. Ei av dei er å tiltrekke seg unge til regionen. Det er 25 prosent fleire personar mellom 60 og 70 år, enn i aldersgruppa 20-30 år. No slit Ryfylke med å skaffe arbeidskraft og kompetanse, og det er noko som er nødvendig for å takle dagens og framtidige oppgåver, seier Asbjørn Birkeland, rådsordførar i Ryfylkerådet.
På grunnlag av dette ber Ryfylkerådet om innspel til rapporten som handlar om:
Fullstendig rapport finn du her: Kompetansebehov i arbeidslivet