- Ein god start og viktige løyvingar for Ryfylke seier, seier Asbjørn Birkeland, rådsordførar i Ryfylke og ordførar i Sauda kommune, som ventar ei permanent ordning for drift av eit slikt utdanningssenter.
Birkeland fortel at regionen må bidra til å dekke dei behov arbeidslivet og folk i Ryfylke har, utan å måtte reise til ulike campusar omkring i Noreg. Eit regionalt utdanningssenter vil vere i tråd med FN sine berekraftsmål, som peiker på at folk uavhengig av bustad skal kunne ta del i utdanningstilbod, og gje arbeidslivet høve til utvikling og økonomisk vekst. Desse måla vil og fremja sosial rettferd og bidra til å utjamna ulikheiter mellom by og land.
Løyvinga no er ein viktig start for regionen og eit svar på invitten i Hurdalsplattforma til Støre-regjeringa. Ryfylkerådet tok stafettpinnen og søkte om midlar til etablering av utdanningssenter, som kan bidra til å bygge kompetanse i heile Ryfylke.
- Dette har me arbeidd lenge med, og Ryfylkerådet fant det naturleg å melde Ryfylke inn i organisasjonen Norske Utdanningssentere.
Ryfylke IKS inviterte Rogaland fylkeskommune, ved dei to vidaregåande skulane, og kommunane i regionen med for å fremja søknad om midlar til eit utdanningssenter. Eit senter som skal legge til rette for desentraliserte fagskule- og UH-utdanningar lagt til ulike lokasjonar i regionen. Eit arbeid som skal skje i nært samarbeid med arbeidslivet, NAV i Ryfylke og folk som bur her.
Ryfylkerådet som står bak Ryfylke IKS, gjorde vedtak for to år sidan om å ta på seg prosjektleiaransvar for arbeidet med livslang læring, fortel Birkeland.
- I desember i fjor inviterte me óg Rogaland fylkeskommune med til etableringa, og dei har så langt bidratt med 500 00 kroner til arbeidet.
Gjennom MOR vil regionen halda fram arbeidet for å løfte den formelle kompetansen hjå dei som bur her og å trygge arbeidslivet sine behov for kompetanse gjennom lokale løysingar.
Løyvinga som er gitt no er altså på 2,3 millionar (1,8 frå HK dir og 0,5 frå Rogaland fylke). Midlane skal nyttast til dei studia som er under planlegging eller som skal starta opp i Ryfylke nå i tillegg til å førebu oppstart av eit permanent senter.
Studia det gjeld er:
- Den blå åker – havbruk (60 stp)
- Marknadsføring og kommunikasjon (60 stp)
- Sjukepleie (180 stp)
- Fagskule helsefag innan sansestimulering (60 stp)
- Fagskule innan IT, digitalisering og robotisering (60 stp)
Birkeland er klar på at me vil arbeida vidare mot å få eit permanent apparat som kan skreddarsy og fasilitera nye utdanningstilbod på høgare nivå. UH-sektoren sine tilbod på campus er langt unna både fysisk og mentalt bur du i ein så stor og fragmentert region som vår - Ryfylke utgjer nær halve arealet til Rogaland.
- Våre gode erfaringar viser at me er på rett spor, der potensielle studentar, arbeidsliv og høgskule i samarbeid skreddarsyr utdanning som er i tråd med det behov som er lokalt.
Birkeland fortel óg at Ryfylke og er med i det nasjonale kompetansepilotprosjektet, som bidrar til arbeidet, og det er inngått samarbeidsavtalar med fleire om koss optimalisera arbeidet. Desse er m.a.
• Høgskulen på Vestlandet
• Universitetet i Stavanger
• AOF Fagskulen
• Fagskolen i Rogaland
Saman med slike samarbeidsaktørar skal me skreddarsy tilbod, koordinera arbeidet og gjera tilboda kjent for Ryfylke. Studie som óg kan kome til nytte i andre regionar med lågt sentralitetsnivå basert på erfaringar herifrå.
Ryfylke er nå i dialog med fleire utdanningssenter for å få kunnskap om kva som tener regionen vår best. Korleis me skal organisera arbeidet og kven som er viktige å ha med på laget, osv. Mange regionar i Noreg har gode erfaringar med å etablera utdanningssenter. Mellom anna i Kongsvinger-regionen er det utdanningssenter med 10 tilsette og eit utal av utdanningstilbod i tillegg til forskaroppgåver som blir løyste ved sentret og i regionen det held til i.