Jan Nordtveit

Viktig studium til Ryfylke

Hausten 2022 startar det opp sjukepleiarutdanning lagt til Ryfylke. Ryfylkekommunane har i fleire år forsøkt å få ei desentralisert sjukpeiarutdanning til regionen, og neste haust blir det ein realitet.

Dette er eit av dei første desentraliserte utdanningstilboda innan sjukepleie lagt til distrikta. Universitetet i Stavanger står bak satsinga og har fått 9,1 millionar i løyving til prosjektet, som er eit samarbeid med kommunane i Ryfylke og MOR-prosjektet.  

Det trårige studiet blir på fulltid og UIS vil leggje vekt på å gjera utdanninga praktisk retta. Det krev normalt generell studiekompetanse, men i spesielle tilfelle kan du og få plass på grunnlag av relevant realkompetanse. Normalt er det at du er over 25 år har fagbrev innan helsefag og har matematikk og norsk på studieførebuande nivå.

Ryfylke IKS vil ta initiativ til å gje opplæring i norsk og matematikk på dette nivået komande vinter, slik at flest mogleg kan søkje studiet.

- MOR-prosjektet, som har arbeidd for å få til fleire nye studie lagt til Ryfylke, vil koordinera arbeidet omkring marknadsføring, mobilisering/rettleiing og samarbeidet med UIS, seier dagleg leiar i Ryfylke IKS Øyvind Lundbakk.

Innan helse og omsorg vil det bli stort behov for kompetanse framover og dette er eit viktig studium for Ryfylkeregionen, som nå kan få eit kompetanseløft på området.

Alle nyheter