Undervisning kvinne ved tavle
Foto:

Etter- og vidareutdanning

Er du interessert i - eller har du bestemt deg for eit opplæringstilbod, må du søkja i vigo.no. Finn du det vanskeleg er det berre å ta kontakt med oss på skulen. Send ein e-post og avtal tid.

Tilbod ved Strand vgs hausten 2020:

  • Matematikk (YF)
  • Norsk (YF)
  • Naturfag (YF)
  • Engelsk (YF og gen. studiekompetanse)
  • Samfunnsfag (YF og gen. studiekompetanse)
  • Salgsfaget (prosjekt for minoritetsspråklige - på dagtid)

Undervisninga skjer primært på kveldstid. Du får standpunktkarakterer i faga du tar, og det er i tillegg eksamenstrekk.

Vaksenrett

Frå og med det året du blir 25 år kan du ha rett til gratis vidaregåande opplæring for vaksne viss du:

  • har fullført norsk grunnskule
  • er ferdig med allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år og har kunnskap i engelsk på nivå med norsk grunnskule
  • ikkje har fullført vidaregåande opplæring i Noreg
  • har utdanning frå andre land som ikkje blir godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg
  • har lovleg opphald i Noreg

For å kunne starta på vidaregåande opplæring for vaksne må du søkja i vigo.no og få avgjort retten din.

Informasjon frå Rogaland fylkeskommune.

Kontakt: mor@skole.rogfk.no