Studietilbod i hausten 2024
Hausten 2024 kjem det ei ny fagskuleutdanning for landbruk- og reiselivsnæringa. Utdanninga er 60 studiepoeng, men det er planlegging om utviding med fleire emne til 120 studiepoeng.
Undervisning: I Ryfylke
Studieperiode: Samlingsbasert over 2 år
Organisert: Modulbasert i lågsesong (september-mars)
Søknadsfrist: 15.april 2024 (gjennom samordna opptak)
1. Økonomi og leiing
2. Marknadsføring og kommunikasjon
3. Lokal foredling
4. Omstilling og endring
5. Jus i skjeringspunktet reiseliv
6. Bedriftsutvikling og entreprenørskap
For å komme inn på studiet, treng du anten relevant fagbrev eller lang arbeidserfaring frå relevant fagområde (realkompetanse). Alle har rett på realkompetansevurdering.
Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og det er behov for eit utdanningstilbod både innan tradisjonelle landbruksemne og innan nye næringsvegar. Den siste tida har det vore ein aukande grad av produksjon av sider, vin og ost i Ryfylke – dette er næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltinga og i produksjonen. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.
Utdanninga blir utvikla gjennom partnarskap med næringa der fagorganisasjonar og enkeltaktørar i næringa er med å kjem med innspel til innhald og innretting på emneval.
· Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland
· Vinterlandbruksskulen i Ryfylke
· Høgskulen på Vestlandet (HVL)
· Norsk senter for fjellandbruk
Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS står bak utdanninga.
Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972