Undervisning kvinne ved tavle
Foto:

Utdanningstilbod

Spennande studietilbod i Ryfylke – innan eit aktuelt tema:

Helse, miljø og sikkerheit (60stp)

Innhaldet i utdanninga er allsidig og brei, noko som gir deg mange moglegheiter uansett kva bransje du jobbar eller ønskjer å jobba i. Du får fleire bein å stå på, og eit unikt høve til å delta i erfaringsutveksling mellom alle studentane som har erfaring frå ulike bransjar.

Dette er ein gratis fagskule på kveldstid, som kan gjennomførast over to år medan du er i jobb. Du får inngåande kjennskap til regelverket, rollar og systematisk HMS-arbeid. Arbeidsmiljøfaktorar er eit sentralt emne i utdanninga. Dette er svært aktuelt dersom du ønskjer å jobba som HMS-rådgivar eller koordinator.

Organisering av opplæringa

  • Utdanninga har ei samla normert studietid på 1 år, men blir lagde til rette som ei deltidsutdanning over 2 år
  • Det blir lagde opp til ca. 5 samlingar pr. månad; éin fast dag i veka + ein ekstra dag pr. månad
  • Studentane leverer ei skriftleg oppgåve pr. emne
  • Fullført utdanning gir 60 studiepoeng og tittelen «Fagskulegrad»

Utdanningen passer for

Fagskulen Helse, miljø og tryggleik er for deg som vil jobba med og for menneske, og som ønskjer å jobba med helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Ønskjer du i tillegg å jobba med koordinering av tiltak som er med på å gjera arbeidsplassen sikker, er dette utdanninga for deg. Har du eller ønskjer du ei rolle i verksemda di innan HMS-området er fagskuleutdanning Helse, miljø og tryggleik noko for deg!

Eksamen

Utdanninga blir avslutta med ei skriftleg fordjupingsoppgåve med munnleg eksamen.

Opptakskrav

Ein kan søkja om opptak til utdanninga anten på bakgrunn av den formelle kompetansen sin eller på bakgrunn av realkompetansen sin.

Opptak på bakgrunn av formell kompetanse

For opptak til fagskulen Helse, miljø og tryggleik krevst anten fullført vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller med yrkeskompetanse og fagbrev. Det blir ikkje stilt krav om noka bestemd studieretning for opptak til fagskule Helse, miljø og tryggleik. For å kvalifisera til opptak må søkjar dokumentera:

  • vitnemål/kompetansebevis på generell studiekompetanse

eller

  • vitnemål/kompetansebevis frå heile den vidaregåande yrkesfaglege opplæringa (2- eller 3-årig) og fagbrev

Opptak på bakgrunn av realkompetanse

Opptaksgrunnlaget til fagskuleutdanning er fullført og bestått vidaregåande opplæring. Søkjarar som er 23 år eller eldre i opptaksåret, kan takast opp på grunnlag av tilsvarande realkompetanse. Med realkompetanse siktar ein til all form for formell og ikkje-formell kompetanse som søkjar har opparbeidd seg gjennom skulegang, arbeid og fritid.

Realkompetanse blir vurdert ut frå innlevert skriftleg dokumentasjon. Dokumentasjon kan vera karakterutskrift, kompetansebevis, kursbevis og/eller arbeidsattestar. Arbeidserfaring kan vera opparbeidd gjennom arbeids- og samfunnsliv, frivilligsektor, utdanning eller kurs.

Vurdering av realkompetanse blir gjord i forhold til:

  • dokumentasjon på bestått teori til fagprøva innan yrkesfaglege utdanningsprogram eller generell studiekompetanse. Det blir ikkje stilt krav om noko bestemd studieretning. I tillegg må søkjar leggja veddokumentert relevant arbeidserfaring

eller

  • dokumentasjon på relevant arbeidserfaring eller kompetanselikeverdig Vg3 innan yrkesfaglege utdanningsprogram.  For å dokumentera likeverdig kompetanse måsøkjar gjennomføra og bestå ein elektronisk fagtest som byggjer på denVg3-læreplanen som dannar grunnlag for søkjars arbeidserfaring

eller

  • dokumentasjon frå høgare utdanning som blir vurdert somrelevant for utdanninga. I tillegg må søkjar leggja ved dokumentert relevantarbeidserfaring

Med relevant arbeidserfaring siktar ein til arbeidsoppgåver innan helse miljø og tryggleik, HR–arbeid, oppgåver frå arbeid som verneombod eller anna arbeidserfaring retta mot helse, miljø og tryggleik.

Søkjarar som blir tekne opp på bakgrunn av realkompetanse vil etter gjennomført og bestått avsluttande eksamen ikkje kunne søkja autorisasjon innan helsefaga. Utdanninga kvalifiserer ikkje til fagbrev- eller sveinebrev.

Les meir og søk her: https://aof-fagskolen.no/kurs/helse-miljo-og-sikkerhet-ryfylke-host-2023/

Søknad

Les meir om studiet og søk her: Helse, miljø og sikkerhet – Ryfylke – høst 2023

Søknadsfrist: Løpande opptak

Kven står bak dette utdanningstilbodet?

AOF Fagskolen og MOR-prosjektet har i samarbeid lagt til rette for dette studietilbodet i Ryfylke.

For spørsmål, kontakt oss:


Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972