Fleksibelt fagskulestudie i Ryfylke:
Jobbar du i ei industri- gründer- eller teknologibedrift og ønske byggja på kompetansen innan teknologianvending? Med dette studiet vil du tileigna deg verdifull fagkunnskap innan teknologi og digitale verktøy, noko som er ein etterspurd kompetanse i Ryfylke.
I løpet av studiet vil du læra å bruka teknologi og digitale verktøy på ein ny og meir effektiv måte. Du vil læra meir om prototyping, materialteknologi, automasjon, digitalisering og styring.
Teknologiutvikling og arbeidsprosessar er sentrale tema som du vil få innsikt i: omstilling og krav til arbeidsmiljø, endringstempo, digital nettverksøkonomi, konsekvensar av robotisering og digitalisering for verdiskaping og sysselsetting, samt truslar og moglegheiter for den enkelte, verksemder og samfunnet.
Studiet vil bli lagt opp nett- og samlingsbasert:
Opptak av nettundervisninga vil bli lagt tilgjengeleg for studentane i etterkant. Til kvart emne vil det vere innleveringsoppgåve som kan løysast individuelt og i grupper. Oppgåvene kan rettast mot eiga bedrift. Emna blir avslutta med eksamen.
Meir informasjon om studiet: Studieplan med læringsutbyttebeskrivingar
Undervisning på nett blir i hovudsak lagt til måndagar og onsdagar frå kl. 17.00 - 20.00.
Veke 36: Oppstartssamling onsdag 6. september ved Strand vgs. Bedriftsbesøk til Sørskår Mekaniske Verksted
Veke 45: Samling ved laboratoriet til Fagskolen Rogaland i Stavanger
Veke 4: Samling i Ryfylke med bedriftsbesøk
Veke 11: Samling i Ryfylke med bedriftsbesøk
Veke 19: Samling ved laboratoriet til Fagskolen Rogaland i Stavanger
Emne 2: Hjemmeeksamen (48 t), fredag 15. des. - søndag 17.des.
Emne 3: Hjemmeeksamen (48 t), fredag 19.jan. - søndag 21. jan.
Merk at det kan komme endringar før studiestart.
For å komme inn på studiet, treng du anten relevant fagbrev eller lang arbeidserfaring frå relevant fagområde (realkompetanse):
For fullstendig liste, sjå her
Lang og relevant erfaring (realkompetanse) kan erstatte relevant fagbrev. Dokumentasjon som må lastast opp ved søknad:
Les meir om: Dokumentasjonskrav realkompetanse
Søk på studiet her: IT, digitalisering og robotisering i Ryfylke
Det vert arbeida med å bygge ut studiet til ei 60 stp eining innan IT, digitalisering og robotisering. Dei neste emna (30 stp) kan då ha oppstart hausten 2024.
Kjell-David Blanchard, Fagskolen Rogaland
kjell.david.blanchard@skole.rogfk.no | Telefon: 988 83 120
Kristin Bruknapp | Sauda vgs
Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no | Telefon: 951 24 899