Undervisning kvinne ved tavle
Foto:

Utdanningstilbod

Spennande studietilbod i Ryfylke – innan eit aktuelt tema:

Sjukepleie

Sjukepleie til Ryfylke

Ryfylkekommunane har i fleire år forsøkt å få til desentralisert sjukpeiarutdanning til regionen. 

I vinter starta Universitet i Stavanger planlegginga av eit slik studium lagt til Ryfylke, fortel fungerande dekan Bjørg Oftedal ved UIS. I juni 2021 blei det løyva 9,1 millionar kroner til prosjektet!

Studiet blir på fulltid og vil gå over tre år, og UIS vil leggje vekt på å gjera utdanninga praktisk retta.

 Det krev normalt generell studiekompetanse, men i spesielle tilfelle kan du og få plass på grunnlag av relevant realkompetanse.

- Oppstart er planlagt i august 2022, seier Oftedal.

MOR-prosjektet vil forsøke å få på plass eit tilbod for dei som manglar studiekompetanse, slik at aktuelle søkjarar får tatt faga dei eventuelt manglar og blir kvalifisert for sjukepleiarstudiet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Opptakskravet til studiet er at du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring. Det gir generell studiekompetanse. Du kan og ha fullført og bestått yrkesfagleg opplæring med såkalla påbygg som inneheld studiekompetansefaga.

Manglar du generell studiekompetanse er det krav om norsk og matematikk med eit karaktersnitt på tre eller betre på studiespesialiserande nivå (vg3). I tillegg må du ha fagbrev innan helsefaget og minimum fem års relevant praksis.

Dersom du dekker krava om norsk og matematikk og blir realkompetansevurdert, vil du konkurrere om studieplass på linje med dei som har ordinær studiekompetanse. 

Er det fleire søkjarar enn studieplassar vil inntak skje etter rangering på grunnlag av ei heilheitleg og skjønnsmessig vurdering av realkompetansen din vurdert opp mot nivået på dei søkjarane som får opptak på ordinær måte. Lang fartstid frå arbeid i faget slår positivt ut.

Den beste måten å finna ut om du når opp i konkurransen er å søkje om opptak.

 Kriterium for godkjenning av realkompetanse

For studium med opptakskrav generell studiekompetanse:

  • Du må vere 25 år eller eldre i søknadsåret
  • Du manglar generell studiekompetanse, men har fagbrev
  • Du må dekke spesielle opptakskrav – for sjukepleie må du ha norsk og matematikk på studiespesialiserande nivå (vg3).
  • Du må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring som er relevant for studiet du søker opptak til. Deltid blir rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan bli erstatta av lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
  • Du må ha nødvendig kunnskap i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet.     Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk blir særleg vektlagt.
  • Har du morsmål frå land utanfor Norden må du dokumentera at du fyller krav til norsk tilsvarande krav til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til     høgare utdanning.
  • Du må skrive eit motivasjonsbrev der du gjer greie for din motivasjon, di forventning til studiet, og gi ei eigenvurdering av kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet.

Rangering

Som realkompetansesøkar blir du vurdert utifrå ei skjønnsmessig vurdering. For å få opptak er det krav om likeverdige ferdigheiter med søkarar som får tilbod om opptak etter ordinære rangeringsreglar.

I vurderinga blir følgjande vektlagt:

  • Omfang og relevans av dokumentert relevant praksis i forhold til den utdanninga du søker om opptak til.
  • Karakterar i norsk, engelsk, matematikk, studiekompetansefag, andre enkeltfag der dette er eit krav og relevant utdanning.
  • Motivasjonsbrev

Dokumentasjon

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstørrelse og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta
  • Motivasjonsbrev

 Sjå elles: https://www.hvl.no/studier/opptak/realkompetanse/ 

eller kontakt


Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972

Studielån/støtte 

Me oppmodar alle som vil ta studiet om å søkje eigen arbeidsgjevar om økonomisk støtte og/eller fri med løn. Det vanlege er at du har rett på fri med løn til eksamens- og lesedagar. Hugs å avtale med arbeidsgivar før studiet startar.

Du kan normalt søkje om lån og stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning. Søknadsfrist er 15.11. for haustsemestret og 15.3. for vårsemestret. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Villkår finn du på Lånekassen sine heimesider: https://lanekassen.no