Undervisning kvinne ved tavle
Foto:

Utdanningstilbod

Spennande studietilbod i Ryfylke – innan eit aktuelt tema:

Kommunikasjon og marknadsføring

Oppstart august 2021

  • 6 delemne (7.5 – 15 studiepoeng) totalt 60 studiepoeng
  • Lenkje til søknadsportal finn du nederst på sida. Emne 3 og 4 er nå søkbare med søknadsfrist 15.11.21.

Studietilbodet er praktisk retta og studiet femner desse områda:

  • Sosiale media i ei globalisert og digital verd
  • Digital strategi og forståing i ein organisasjon  
  • Tekst- innhaldsproduksjon i møte med brukaren/kunden
  • Digital makt og etikk

Emne 1  – Digitalisering og omstilling - 7,5 st.p. (haust-21)

Samling 1: 27. - 28. august (veke 34) på Strand vgs

Samling 2: 30. sept. - 2. oktober (veke 39) på Sauda vgs


Emne 2  – Digitalisering, lønnsomhet og bærekraft - 7,5 st.p. (haust-21)

Samling 1: 3. - 4. september (veke 35) på Sand (Sauda vgs sin avd.)

Samling 2: 7. - 9. oktober (veke 40) på Strand vgs

Emne 3 Digital marknadsføring - 15 st.p. (vår-22)

Samling 1: 7.- 8. januar (veke 1) på Sauda vgs

Samling 2: 27. – 29. januar (veke 4) på Strand vgs

Samling 3: 17. – 19. februar (veke 7) på Sand (Sauda vgs sin avd.)

Samling 4: 18. - 19. mars (veke 11) på Strand vgs

Emne 4 Digital kommunikasjon - 15 st.p. (vår-22)

Samling 1: 4. - 5. februar (veke 5) Sauda vgs

Samling 2: 3. – 5.mars (veke 9) Strand vgs

Samling 3: 31. mars – 2. april (veke 13) på Sand (Sauda vgs sin avd.)

Samling 4: 22. – 23. april (veke 16) Strand vgs

Emne 5 - Praksis innan digital marknadsføring og kommunikasjon (haust-22)


Emne 6 - Digital innovasjon og entreprenørskap (haust-22)

Samling 1: Veke 34: 25.–26. august

Samling 2: Veke 42: 19.–21. oktober

Kva skal du lære?

Høgskulen på Vestlandet, som har «samspel, bærekraft og nyskaping»somvisjon, legg vekt på at du får følgjande ferdigheiter:

- Evaluere kva rolle digital marknadsføring kan spele i forretningsstrategiar

- Planlegge og gjennomføre taktiske marknadsføringsbeslutningar for å vurdere effektive produkt-, pris-, distribusjons- og promoteringsbeslutningar som er nødvendige for å møte kundegruppa sine behov

- Reflektere over den praktiske implementeringa av ein digital marknadsføringsstrategi

- Få innsikt i og kunnskap om digitale plattformer og korleis dei kan nyttast kvar for seg og saman

- Reflektera over møte med kunden gjennom tekst og illustrasjon 

Målgruppe

Tilsette som arbeider med informasjon og marknadskommunikasjon i bedrifter og organisasjonar som til dømes:

  • Kommunal forvalting
  • Grunnskule og vidaregåande skule
  • Private verksemder

Kjem du rett frå vidaregåande skule eller ynskjer å bruke studiet til å bygge vidare med sikte på ein bachelorgrad kan du og søkje.

Det er mogleg å søkje støtte til utdanninga gjennom utdanningsløftet for lærarar. Elles oppmodar me alle som vil ta studiet om å søkje eigen arbeidsgjevar om økonomisk støtte og/eller fri med løn. Det vanlege er at du har rett på fri med løn til eksamens- og lesedagar. Hugs å avtale med arbeidsgivar før studiet startar.

MOR-prosjektet vil inngå avtale med hotell som elevane vil få tilbod om nytta seg av.

Opptakskrav

Generellstudiekompetanse

Opptakskravet til studiet er at du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring. Det gir generell studiekompetanse. Du kan og ha fullført og bestått yrkesfagleg opplæring med såkalla påbygg som inneheld studiekompetansefaga.

Lang erfaring kan kompensere for manglande studiekompetanse

Har du ikkje studiekompetanse kan du få vurdert erfaringa du har frå lønna og ulønna arbeid. Slik yrkespraksis (realkompetanse) kan vege opp for kravet om generell studiekompetanse og må dokumenterast frå arbeidsgjevar.

Du må ha minst fem år med skule og/eller yrkespraksis til saman, og av dette må minimum tre av åra vere relevant for den retninga du søker.

Realkompetanse er eit unntak frå kravet om generell studiekompetanse (GSK) for søkarar som fyller minst 25 år i søknadsåret.

For å kunne vurdera realkompetanse, treng Høgskulen dokumentasjon på alt du har av vidaregåande skule (absolutt minimum her er eitt år fullført), folkehøgskule, fagskular, relevante kurs m.m., attestar frå arbeidspraksis og motivasjonsbrev, der du skriv kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet. CV er ikkje tilfredstillande.

Studielån

Du kan normalt søkje om lån og stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning. Søknadsfrist er 15.11. for haustsemestret og 15.3. for vårsemestret. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Vilkår finn du på lånekassa sine heimesider: https://lanekassen.no

Undervisinga er gratis, men du må betale semesteravgift.

Opplæringstilskot - BIO midlar

Arbeidsgjevaren din kan søkje om BIO-midlar frå Rogaland fylkeskommune til bedriftsintern opplæring for å styrkja kompetansen hjå tilsette i bedrifter med behov for omstilling og utvikling. Denne utdanninga kan vere eit aktuelt tilbod å søkje om BIO-midlar til.

Ordninga kan dekke utgifter til opplæring og lønnsutgifter for deltakarar. Les meir om ordninga her:

https://www.rogfk.no/vare-tjenester/stotte-stipend-og-priser/okonomisk-stotte-og-stipend/naringsutvikling/bedriftsintern-opplaring-bio/

Kven står bak dette utdanningstilbodet?

MOR-prosjektet har i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet utvikla dette studiet innan marknadsføring og kommunikasjon. Følgjande bedrifter har vore med i utviklingsprosessen:

Hjelmeland kommune, Eramet, Omega design, Comrod, Sauda vekst og Reisemål Ryfylke - i tillegg til Sauda og Strand vidaregåande skular.

Meir informasjon og rettleiing får du hjå:

Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972

Meir informasjon om dei enkelte emnene og søknadsportal

Studiet er eit pilotprosjekt som er finansiert av Kompetanse Norge.