Undervisning kvinne ved tavle
Foto:

Utdanningstilbod

Matematikk og norsk på VG3-nivå

 

I samband med oppstart av sjukepleiarutdanning hausten 2022 blir det tilbod om opplæring i norsk og matematikk på Vg3-nivå (Vg4 påbyggsfag).

I samarbeid med dei vidaregåande skulane i Ryfylke tilbyr MOR-prosjektet eit samlingsbasert tilbod med sluttføring våren-22.

Med karakteren tre eller betre i desse to faga er du kvalifisert til å søkje på sjukepleiarutdanninga om du har fagbrev innan helsefag eller generell studiekompetanse.

Oppstart undervisning i matematikk og norsk blir i veke 42 og tilbodet er gratis.

Sjølve sjukepleiarutdanninga startar opp i august-22 og er eit praktisk retta fulltidsstudium som går over tre år. Søknadsfrist her blir våren-22.

Sjå andre tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne ved dei vidaregåande skulane:

Strand videregående skole

Sauda vidaregåande skule