Vilkår ved bestilling av kurs

Påmelding

Er du under 18 år kan du melde deg på. Du må likevel leggja fram stadfesting frå foreldre eller annan vaksen omsorgsperson at du kan delta på kurset. Det må skje innan kurset startar.  

Påmelding er bindande. Vil du melda deg av må det skje innan fem dagar før kurset tek til. Etter dette betaler du for kurset. Elles viser me til Rogaland fylkeskommune sine betalingsvikår.

Dersom kursdeltakar etter påmelding blir utsett for alvorlig skade eller sjukdom så gjer det uråd å delta på kurset blir avgifta refundert.

Avlysing av kurs

Me tar forbehold om at kurset kan bli avlyst på grunn av uforutsette årsaker. Innbetalt kursavgift blir då refundert.

Betaling

Til vanleg skjer betaling i forkant av kurset. I enkelte tilfelle kan betaling bli utsett eller eigne  betalingsordningar er avklart.