Det er for lite praktisk kunnskap

Det har vore slik i samfunnet vårt at teoretisk, eller proposisjonal, kunnskap, det har vore flott. Flest mogleg skal ta mastergrad, flest mogleg skal bli professorar.

Dette fører fort til at samfunnet støyter på problem. I Danmark er det no så få faglærde, at ein politisk vurderer å gjera masterstudium kortare, sa Grytten under MOR-konferansen. Det skuldast at næringslivet har akutt behov for meir arbeidskraft.

–     Det er alt for mange som tar mastergrad, og det er alt for mange som tar doktorgrad. Særleg i økonomi. Det er for lite praktisk kunnskap, og i Norge må vi no importere praktisk kunnskap.

Ueinige forskarar

Grytten er tydeleg på at all kunnskap kan utfordrast, og skal utfordrast.

–     Lite irriterer meg meir enn når ein politikar er ueinig med ein forskar, og det blir sagt at «det går ikkje an». Det er klart at det går an. Dessutan er forskarar ofte ikkje einige.

NHH-professoren meiner vi har hamna i ein situasjon der ein knapt kan meina noko som helst utan at det er understøtta av teoretisk kunnskap. Men dette er å undervurdere praktisk kunnskap, som Grytten kallar«kompetanse».

–     Den første personen som sette poteta i jorda hadde ikkje forsking bak. Men han hadde kompetanse.

 

Politisk vitskap og vitskapleg politikk

I Norge blir ny politikk gjerne rekna som resultat av ein lineær prosess. Denne startar med ei utgreiing av kunnskapen på eit område, gjerne utført av ei ekspertgruppe som kjem med ein rapport. I Norge er slike rapportar gjerne kjend under namnet «NOU», eller norsk offentleg utgreiing.

–     Det er viktig å understreka at politiske avgjerder kan baserast på kunnskap. Men dei gjer det ikkje alltid. I aukande grad blir kunnskap brukt til å underbygga meiningar, heller enn å gi premiss for meiningar, seier Grytten.

Det betyr at politikarar oftare brukar kunnskap og offentlege utgreiingar strategisk for å finna argument og underbygga det dei allereie meiner. Det i staden for å søkje ny kunnskap som potensielt kan utfordra det dei meiner.

–     Det reiser spørsmålet: Er politikk kunnskapsbasert, eller kunnskap politikkbasert? spør Grytten.

 

Farlege kunnskapsmonopol

I ein slik situasjon blir det ekstremt viktig å sjå på kven som «monopoliserer» kunnskap, meiner NHH-professoren. Den aktøren som har flest kunnskapsmessige ressursar tilgjengeleg for seg, vil også få stor definisjonsmakt. Har du større kunnskap enn motparten din, då har du også betre argument, og kan vinna den politiske debatten.

–     Sjølv om du har ein veldig dårleg sak, så vil du vinne debatten dersom du har meir kunnskap enn motparten din som har ein god sak. Så kunnskapsmonopolisering er farleg, meiner Grytten.

Sjølv når vala er reint politiske, så ønskjer ein seg stadig oftare eit kunnskapsgrunnlag. Det har gjort utgreiingar til svært viktige politiske instrument: den som vinn i konsekvensutgreiinga, vinn ofte også i politikken, seier Grytten.

Ofte gir fagkunnskap altså politisk makt. Motsett kan også mangel på teoretisk kunnskap få politiske konsekvensar. Som når finansdepartementet eller Norges Bank presenterer økonomiske kalkylar som politikarar rett og slett ikkje forstår. Eller når Grytten sjølv leia inntektsutvalet for jordbruket, og forslaga stranda fordi bondeorganisasjonar var ueinige.  

–     Kanskje fordi dei ikkje heilt forstod kva vi hadde føreslått, spekulerer Grytten.

Alle nyheter