Studietilbod våren 2024
Jobbar du i havbruksnæringa og ønskjer fagleg påfyll? Vil du lære meir om havbruksforvaltning i eit grønt skifte? Då kan du ta vidareutdanning gjennom eit modulbasert deltidsstudium i Ryfylke.
Innhaldet i dette studiet er praktisk retta og utvikla i dialog med havbruksnæringa. Kursane vil vera samlingsbaserte i Ryfylke kombinert med digital undervisning. Du kan velje sjølv om du ynskjer å ta deler av studiet eller fullføre heile løpet til ein bachelorgrad.
Utdanninga er under utvikling og emneplanar vil kome på plass etter kvart.
Dei to første emna vart gjennomført hausten 2021 og våren 2022. Det tredje emnet vert pilotert hausten 2022. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via Høgskulen på Vestlandet sin søknadsweb.
Hausten 2021: Havbruksøkonomi (15 stp).
Våren 2022: Organisering og leiing i havbruksnæringa (15 stp).
Hausten 2022: Bærekraftig havbruk for framtida (15 stp).
Våren 2023: Kvalitetsleiingog HMS i havbruksnæringa (15 stp).
Hausten 2023: Havbruksøkonomi (15 stp) og Miljøvitenskap i havbruksnæringa (15stp).
Våren 2024: Organisering og leiing i havbruksnæringa (15 stp) og Kommunikasjon i havbruksnæringa (15 stp).
Les meir om utdanninga: Studieprogram Den Blå Åker
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om organisering og leiing innan havbruksnæringa. Emnet gjer studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar knytt til organisering, leiing og HR i verksemdder generelt og i havbruksnæringa spesielt. Emnet gjer studentane innsikt i omgrep og teoriar med vekt på praktiske utfordringar og dilemma.
Emneplan for FØS8112 Organisering og ledelse i havbruksnæringen
Samlingsdatoar
Torsdag 25.januar - fredag 26.januar
Onsdag 21.februar – fredag 23.februar
Onsdag 20.mars – fredag 22.mars (*samlingsstad er Jelsa Hotell)
Torsdag 25.april – fredag 26.april
Samlingsstad: Smaken av Ryfylke på Hjelmeland (*).
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om kommunikasjon i havbruksnæringen. Havbruksnæringen har vokst betydelig de siste tiårene og har blitt en viktig kilde til sjømatproduksjon over hele verden. Samtidig har kommunikasjon spilt en sentral rolle i å formidle informasjon om havbruk til publikum, interessenter, og myndigheter. Dette kurset gir en grundig forståelse av hvordan kommunikasjon påvirker havbruksnæringen.
Det utforsker grunnleggende prinsipper for kommunikasjon og PR, etikk og samfunnsansvar (CSR), krisekommunikasjon og omdømmebygging i konteksten av havbruksindustrien. Studentene vil lære å anvende disse prinsippene for å håndtere kommunikasjonsutfordringer og fremme en positiv oppfatning av næringen.
Emneplan for FØS8119 Kommunikasjon i havbruksnæringa
Samlingsdatoar
Torsdag 8.februar – fredag 9.februar
Onsdag 6.mars – fredag 8.mars
Onsdag 10.april – fredag 12.april
Torsdag 23.mai – fredag 24.mai
Samlingsstad: Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.
Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.
Generell studiekompetanse
Opptakskravet til studiet er at du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring. Det gir generell studiekompetanse. Du kan og ha fullført og bestått yrkesfagleg opplæring med såkalla påbygg som inneheld studiekompetansefaga.
Realfagkompetanse
Har du ikkje studiekompetanse kan du få vurdert erfaringa du har frå lønna og ulønt arbeid. Slik yrkespraksis kan vege opp for kravet om generell studiekompetanse og må dokumenterast av arbeidsgjevar.
Du må ha minst fem år med skule og/eller yrkespraksis til saman, og av dette må minimum tre av åra vere relevant for den retninga du søker.
Realkompetanse er eit unntak frå kravet om generell studiekompetanse (GSK) for søkarar som fyller minst 25 år i søknadsåret.
For å kunne vurdera realkompetanse, treng Høgskulen dokumentasjon på alt du har av vidaregåande skule (absolutt minimum her er eitt år fullført), folkehøgskule, fagskular, relevante kurs m.m., attestar frå arbeidspraksis og motivasjonsbrev, der du skriv kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet. CV er ikkje tilfredsstillande.
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS ved MOR-prosjektet og aktørar frå næringa: Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Tytlandsvik Aqua, Fister Smolt og Årdal Aqua.
Prosjektet er finansiert av Kompetanse Norge.
Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972