Foto:

Utdanningstilbod

Studietilbod i hausten 2024

Grønt mangesysleri og entreprenørskap

Det norske landbruket er ein historie om å sjå samanhengen mellom ressursar, matproduksjon og busetting. Alt tidleg på 1800-talet hadde dei fleste fleire syslar som grunnlag for levevegen sin. Jordbruk, skogbruk, fiske, handverk og reiseliv.

 Mangesysleri blei det ofte kalla.

Fakta

Studiepoeng: 60

Studieperiode: Samlingsbasert over 2 år

Organisert: Modulbasert i lågsesong (september-mars)

Undervisning: 3 samlingar per emne i Ryfylke

Søknadsfrist: 15. april 2024 (samordna opptak)

Modular

Modul 1: Bedriftsøkonomi og leiing

 Studenten har kunnskap om:

  • Korleis ein les eit rekneskap. Forstår inntekter og kostnader og grunnlag for økonomiske avgjersler i verksemda.
  • Korleis ein utarbeidar ulike budsjett og analysar
  • Eksport til ein mogleg alternativ marknad
  • Vurdering av ulike finansieringsalternativ
  • Å sjå kva potensiale som ligg i det sirkulære i drifta og utnytting av naturressursane i verksemda
  • Mangfaldsleiing innan drift og produksjon
  • HMS-leiing

Modul 2: Marknadsføring og kommunikasjon

Studenten har kunnskap om:

  • Ulike typar salsmetodar
  • Digital nettverksøkonomi, konsekvensar av robotisering og digitalisering for verdiskaping og sysselsetting

      I.  Endringstempo, trekk og trendar ved digitalisering og teknologiutvikling

     II.  Omstillingsbehov-og krav

     III.  Truslar og det moglege

  • Reiselivskunnskap
  • Merkevarebygging - marknadsplan
  • Opplevingsdesign
  • Digitale plattformar
  • Teknologi- og arbeidsprosessar
  • Vertskapsrolla

     I.  Storytelling

     II.  Besøksgard - arbeidstrening/psykiskhelse  

     III.Sosial meistring og livskvalitet

 

Modul 3: Lokal foredling

Studenten har kunnskap om

  • Verdikjeda/utviklinga av t.d. matprodukt eller opplevingar
  • Foredling av produkt
  • Sirkulærøkonomi og ressursutnytting på eigen gard og produksjon
  • Korleis ein kan utnytte «c-produkt»
  • Korleis finne nye bruksområde for eksisterande produkt
  • Læringsarena for ulike foredlingstradisjonar
  • Korleis ein kan nyttiggjere seg av bygningstradisjonar inn i produksjon og oppleving
  • Korleis utvikle og utnytte nye energiformer i gardsdrifta og formidle denne kunnskapen

 

Modul 4: Bedriftsutvikling og entreprenørskap

 Studenten har kunnskap om

  • Korleis bedriftsutvikling og innovasjoner viktige moment i utvikling av forretningsplan
  • Natur, økologi og kulturbasert entreprenørskap
  • Tverrfagleg samarbeid si betydning for resultatet
  • Effektar og begrensingar som ligg i

     - lovverk i skjeringspunkt landbruk/reiseliv

    - reguleringsplanlegging

     - areal og miljøplanlegging

     - søknadsarbeid konsesjon, tilskot m.v.

    - korleis utvikle produksjonen av varer og tenester som tek omsyn til beredskap, klima og miljø artsmangfald og samfunnsnytte, m.m.

Opptakskrav  

For å komme inn på studiet, treng du anten relevant fagbrev eller lang arbeidserfaring frå relevant fagområde (realkompetanse). Alle har rett på realkompetansevurdering.

Bakgrunn

Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og det er behov for eit utdanningstilbod både innan tradisjonelle landbruksemne og innan nye næringsvegar. Den siste tida har det vore ein aukande grad av produksjon av sider, vin og ost i Ryfylke – dette er næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltinga og i produksjonen. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.

Samarbeidspartnarar

Utdanninga blir utvikla gjennom partnarskap med næringa der fagorganisasjonar og enkeltaktørar i næringa er med å kjem med innspel til innhald og innretting på emneval. 

·     Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland

·     Vinterlandbruksskulen i Ryfylke

·     Høgskulen på Vestlandet (HVL)

·     Norsk senter for fjellandbruk  

Kven står bak utdanninga?

Fagskolen i Rogaland  og Ryfylke IKS står bak utdanninga.

Kontaktinformasjon


Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972