Søk om stipend til masteroppgåve

Vil du skriva masteroppgåve om noko som kjem arbeidslivet og lokalsamfunnet i Ryfylke til gode? Då kan du søkja om stipend på 100 000 kroner.

Tildeling av stipend

Vil du skriva masteroppgåve om eit tema som kan styrkja næringsliv eller offentleg sektor i Ryfylke, er du velkommen til å søkja. I 2024 delar me ut 2 stk stipend på kr. 100 000.

Masteroppgåve om Ryfylke

Målet er at masteroppgåva skal bidra til ny kunnskap og ta for seg problemstillingar innanfor eit eller fleire av områda som vist under:

• Å bidra til utvikling i ei eller fleire av dei sentrale næringane i Ryfylke innan kraftproduksjon, bergverk, havbruk, landbruk eller prosessindustri.

• Gjennom samskaping og breie tverr-/fleirfaglege samarbeid styrkja dei offentlege tenestene for folk som bur i Ryfylke.

• Å styrkja fagmiljøet for dei som arbeider med karriererettleiing med sikte på å samprodusera om løysingar til beste for brukaren og arbeidslivet.

• Å bidra til å byggja faglege nettverk på tvers av næringar/sektorar, for fagleg utvikling, nyskaping og innovasjon.

 

Kven kan søkja?

• Du tar ei masterutdanning og vil skriva ei masteroppgåve som er relevant for Ryfylke jamfør punkta over.

Kva er vilkåra? 

• Stipendet blir berre utbetalt om du fullfører studiet. 

• Har du alt starta på utdanninga, kan du òg søkja om stipendet.

Søknadsfrist

Frist for å søkja stipend er 15.desember 2023. Send ein skriftleg søknad der du gjer greie for bakgrunn og kva målet ditt er med å ta utdanninga. Har du tankar om kva du vil skrive master innan er det fint om du gjer greie for dette.

Søknaden sender du til: mor@ryfylkeiks.no

Kven delar ut stipendet?

Ryfylke IKS delar ut mastergradstipendet.

Alle nyheter