Visit Ryfylke

Ny fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa

Hausten 2024 kjem det ei ny fagskuleutdanning for landbruk- og reiselivsnæringa.

Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv

Utdanninga er 60 studiepoeng, men det er planlegging om utviding med fleire emne til 120 studiepoeng.

Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og det er behov for eit utdanningstilbod både innan tradisjonelle landbruksemne og innan nye næringsvegar. Den siste tida har det vore ein aukande grad av produksjon av sider, vin og ost i Ryfylke – næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltinga og i produksjonen. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.

Utdanninga startar hausten 2024 og er eit modulbasert undervisningsopplegg som vil foregå i Ryfylke. Undervisninga er samlingsbasert i lågsesongen til landbruket og reiselivet, som er frå september til mars.

Det er Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga.

Les meir om Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv.

Alle nyheter