Eirik Tangeraas Lygre

Ka då ittepå? Klaus Mohn om ei ny, grøn tid

– Vår framferd på jorda et seg inn i omgjevnadane. Det sa rektor ved Universitetet i Stavanger Klaus Mohn i eit av dei første innlegga på årets MOR-konferanse.

Han åtvara mot at presset på naturen no nærmar seg kritisk nivå:

– Det lar seg ikkje reversera. Det går berre ein veg.

I takt med befolkningsauke og økonomisk vekst, aukar karbonutsleppa. Samstundes er det biologiske mangfaldet i fritt fall. Mohn meiner våre viktigaste oppgåver framover er å rusta dagens ungdom til å møta desse utfordringane, og å skapa ny næring som ikkje går på tvers av livsgrunnlaget.

Ryfylke er ein region av havbruk, vasskraft og bergverk, hyttebygging og kravkrevjande smelteverk – alle inntektskjelder med eit ikkje ubetydeleg avtrykk på naturen, sa Mohn. No understrekar også Det internasjonale energibyrået (IEA), som er oppfatta som vennleg mot industrien, at me ikkje kan opna for meir olje- og gassleiting dersom ein skal nå netto null innan 2050.

Det betyr at Norge, Rogaland og Ryfylke går hardare tider i møte, ifølgje Mohn:

– Det finst ikkje noka ny olje. Etter ein ressursboom kjem år som er tyngre, som me har sett i andre regionar som er rike på naturressursar.

Olje- og gassverksemda har over tid gjort lønnsveksten her klart høgare enn våre naboland. Den einaste måten ein kan halda fast på dette, er om me også i framtida er meir produktive enn dei me konkurrerer med.

– Skal me ha ein sjanse til å forsvara kostnadsnivået vårt, må me vera meir produktive. Og kva er kjelda til produktivitet? Jo, det er kompetanse, kunnskap og utdanning, sa Mohn, som la til at det har vore vanskeleg å få folk til å driva med noko anna når ein har så høg lønnsemd innan olje- og gass.

– Det har også gjort næringslivet lite mangfaldig.

Som rektor ved UiS har Mohn blant anna tatt initiativ til at tilsette skal ta færre reiser, og at dei 1500 parkeringsplassane på Campus i Stavanger skal reduserast.

Det var ikkje berre enkelt, fortalde Mohn, som meiner nær sagt alle er for det grøne skiftet i teorien, men at mange likevel set seg på bakbeina når det plutseleg er deira eigen parkeringsplass som må vika.

– Det grøne skiftet føreset endringar på alle nivå. Aktivitet og sysselsetting har lenge stått øvst i prioriteringshierarkiet. No må omsynet til naturen vektast langt høgare, avslutta Mohn.

Alle nyheter