Foredragshaldar under MOR-konferansen 2019
Frå MOR-konferansen 2019.

MOR- konferansen

Strand videregående skole, 22.-23. september 2022

KOMPETANSEUTVIKLING og VERDISKAPING

- me må gjera det saman

Velkommen til Tau og årets MOR-konferanse!
Målgrupper: Alle som er opptekne av kompetanseutvikling og at læring gjeld heile livet.

Konferanseleiar: Wictor Juul, rådmann i Hjelmeland kommune.

Arrangør: Rogaland fylkeskommune og dei vidaregåande skulane i Sauda og Strand og Ryfylke IKS, i samarbeid med NAV Rogaland og Utdanningsforbundet.

Program og påmelding under:

Program

Torsdag 22.09.

09.00– 09.30 Registrering, kaffi/te og noko å bite i

09.30 Velkommen til Ryfylke

·       Solveig Ege Tengesdal, leiar i Opplæringsutvalet i Rogaland

·       Asbjørn Birkeland, rådsordførar i Ryfylkerådet

ØKT 1

09.45    Alle snakkar om Ryfylke, men skaper regionen noko?  Arne Kleppa, tidlegare dagleg leiar i               Ryfylke IKS

10.00    Kva kompetanse treng Ryfylke i 2030 for å få meir ut av naturressursane sine?

·       Er samskaping oppskrift på styringa av det grøne skiftet? Jacob Torfing, professor ved         Institut for Samfundsvidenskab og Erhverv, Universitet i Roskilde

·       Kan distrikta få del i «eit grønt lykkeland»? Harald Minge, administrerande direktør i         Næringsforeningen i Stavanger-regionen

·       Kunnskapsdeling og klyngetenking gir ringar i den blå åker. Nina Grieg, regiondirektør iGrieg         Seafood Rogaland

11.30    Beinstrekk og kaffi/te

11.50    Kva gjer offentleg sektor når næringslivet endrar seg?

·       Kva er det som drivsamfunnsutviklarrolla? Er det ein risiko at næringslivet og EU tar rolla         frå kommunen? Christian Herheim, seniorrådgjevar i Proactima

·       Utdanning og forsking to sider av same sak når regionen skal definera         samfunnsutviklarrolla. Anders Øverby, studieleiar høgskolesenteret i Kongsvinger

12.25     Debatt - Koss får lokalsamfunna meir ut av eigne naturressursar?

·       Torfinn Opheim, styreleiar Vasskraftkommunane (LVK)

·       Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant for Rogaland SV

·       Tina Bru, nestleiar i Høgre og tidlegare olje- og energiministar  

·       John E. Stangeland, konsernsjef i NorSea (Windworks Jelsa)

-       Olav Lindseth, leiar i Næringsforeningen i Suldal og hotelleigar

 

13.15 Lunsj

 

 ØKT 2  

14.00  Koss sikrar me at arbeidslivet får rett kompetanse?    

·       Koss er det å bu og utdanna seg i Ryfylke i dag og i 2030? Eit kritisk blikk på to forskingsprosjekt med fokus på unge i Ryfylke, ved Maria Klungtveit, frilans-journalist

·       Begeistring og reell medverking - og dei unge vil vera med å skape ei framtid «heilt heime», ved Liva Thiis, Odding og  masterstudent

·       Jakta på Superkreftene – ei oppskrift frå Nordfjord. Anders Lødemel, Nordfjordpionér i Nordfjordakademiet og Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant (V) og tidlegare ordførar i Stad kommune

 

15.30  Beinstrekk

 

16.00          Samtale med tre unge ryfylkingar

·       Håvard Handeland, nestleiar i ungdommens fylkesråd

·      Arin Eirikssønn, leiar av ungdomsrådet i Suldal

·      Anne Bratthammer, student ved NMBU på Ås

      Ingvild Erøy, ung grundersom bur i Erfjord

 

17.00         Omvising på havbrukssenteret ved Strand vgs

 

18.00.        Festmiddag (låven i Mølleparken) med kulturprogram og utdeling av MOR-prisen – Vilje                    til læring. Og så låner me Dalane sin helt «Tønes», som vil halde ein konsert for oss under                    middagen  

 

Fredag 23.09.

 

ØKT 3      

09.00         Å utdanna ryfylkingar i eit livslangt perspektiv – koss gjer me det saman?  

·      Utdanningssenter – kan det bli den nye koordinatoren for livslang læring i distrikta? Geir Kåre        Resaland, prorektor for regionalutvikling ved Høgskulen på Vestlandet

·       Mismatch i arbeidslivet. Koss er situasjonen for Ryfylke og koss møter me utfordringa?         Merethe Prytz Haftorsen, direktør NAV Rogaland

·       Koss bør dei regionale kompetansesentra (Sauda og Strand vgs) møta utfordringane        distrikta står over for og føringane i den nye fullføringsreforma? Gunn Reidun Tednes-Aaserø,        leiar for utdanningsforbundet i Rogaland

 

10.30          Beinstrekk

11.00         Karriererettleiing som heile skulen si oppgåve - fag og framtid på same arena, ved                    Anne Holm-Nordhagen, høgskulelektor Institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved                    Universitetet i Sørøst-Norge

12.00          Debatt

·       Truls Nordahl, rådgjevar i NAV Rogland

·       Gudrun Ellingsen, rådgjevar ved Dalane Utdanningssenter

·       Kjell Apeland, næringsdrivande og medlem i Næringsforeninga i Ryfylke

·       Hilde Strømme, dagleg leiar Lister Kompetanse

 

13.00          Vegen vidare og oppsummering, ved Svein Erik Tuastad, førsteamanuensis ved det

                    samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for sosialfag ved UIS

13.15          Lunsj og heimreis

MELD DEG PÅ HER: https://www.moriryfylke.com/

Viktig samskapingsarena for «Livslang læring»

Det er brei politisk støtte i Noreg for å satse på «Livslang læring». Gjennom stortingsmelding 14 2019/2020 Kompetansereforma blir det slått fast at utdanningane må vera relevante for arbeidslivet, og det offentlege må saman med arbeidslivet forma dei behova som er lokalt. Det skjer gjennom å skapa framtida saman, å samskapa.

MOR-konferansen i Sauda, 2019

Verdiskaping og verdikapring på MOR-konferansen

Ryfylke er storeksportør av naturressursar og står overfor kompetansepolitiske utfordringar i tida som ligg føre. Regionen har vore ein sterk verdiskapar, men andre regionar har i for stort mon kapra desse verdiane. Derfor må det til eit sterkare fokus på kompetansepolitikk med ei tilnærming som er annleis enn tilfelle er i bynære strok.

Målet er å verdiskapa, men òg innolvera og realisera meir (verdikapra) av dei store ressursane regionen sit på. Ryfylke-regionen har høg uformell kompetanse, men er svakare på formell kompetanse.

  • Omlag 20 % av dei som bur i Ryfylke har utdanning utover vidaregåande skule (i Oslo-området vel 50%)
  • Opp mot 30 prosent i Ryfylke har berre fullført grunnskule
  • Det er stor vilje til etter- og vidareutdanning i Ryfylke, men 9 av 10 føreset at dei kan bu heime  
  • Regionen utgjer heile 4369 km2 - Rogaland er totalt 9378 km2
  • Folketalet har stått mest stille sidan 1965 og er i dag omlag 25 000, i Rogaland er folketalet økt til 460 000 i same periode.
Frå MOR-konferansen 2021

Seks møteplassar:

  • Ittepå i mårå, Sauda kino/Eramet 09. september 2015
  • Ryfylke i omstilling, Strand vgs, 09. mars 2017
  • Lære heile livet, Strand vgs, 28. september 2018
  • Læra heile livet er sjølve livet, Folkets Hus i Sauda,  torsdag 29. august 2019
  • Kompetanse- og næringsutvikling – to sider av same sak, Kulturhuset i Suldal (på Sand) 9.-10. september 2021
  • Kompetanseutvikling og verdiskaping - me må gjera det saman, Strand vgs, 22.-23. september 2022