I oktober 2021 starta Høgskulen på Vestlandet (HVL) i samarbeid med MOR-prosjektet i Ryfylke (Motivasjon, opplæring og rettleiing) opp eit fleksibelt og desentralisert høgskuletilbod på 60 studiepoeng med desse delemna:
Søknadsfrist for emne 4 - Kvalitetsleiing og HMS i havbruksnæringa (15 stp) er 1. januar 2023: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/den-bla-aker/
Samlingsdatoar våren-23 Kvalitetsleiing og HMS i havbruksnæringa:
Veke 6 Fredag 10.02 og lørdag 11.02 (11:00 – 17:00 / 9:00 – 15:00)
Veke 10 Torsdag 09.03, fredag 10.03 og lørdag 11.03
Veke 15 Torsdag 13.04, fredag 14.04 og lørdag 15.04
Veke 19 Torsdag 11.05 og fredag 12.05
Målgruppa for studiet er i første rekkje personar knytt til havbruksnæringa, men andre kan og søkje. Kjem du rett frå vidaregåande skule eller ynskjer å bruke studiet til å bygge vidare med sikte på ein bachelorgrad kan du og søkje.
Innhaldet i studiet er praktisk retta ogutvikla i dialog mellom næringa sjølv, MOR-prosjektet og Høgskulen på Vestlandet. Tre aktørar frå næringa, Sterling White Halibut, Grieg Seafood Rogaland og Bremnes Seashore, er med i eit partnarskap for å sikre relevans og praktisk retting.
Høgskulen på Vestlandet, som har «Samspel, bærekraft og nyskaping» som visjon, legg vekt på at du får følgjande ferdigheiter:
Søknadsportal: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/den-bla-aker/
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Opptakskravet til studiet er at du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring. Det gir generell studiekompetanse. Du kan og ha fullført og bestått yrkesfagleg opplæring med såkalla påbygg som inneheld studiekompetansefaga.
Lang erfaring kan kompensere for manglande studiekompetanse
Har du ikkje studiekompetanse kan du få vurdert erfaringa du har frå lønna og ulønna arbeid. Slik yrkespraksis (realkompetanse) kan vege opp for kravet om generell studiekompetanse og må dokumenterast av arbeidsgjevar.
Du må ha minst fem år med skule og/eller yrkespraksis til saman, og av dette må minimum tre av åra vere relevant for den retninga du søker.
Realkompetanse er eit unntak frå kravet om generell studiekompetanse (GSK) for søkarar som fyller minst 25 år i søknadsåret.
For å kunne vurdera realkompetanse, treng Høgskulen dokumentasjon på alt du har av vidaregåande skule (absolutt minimum her er eitt år fullført), folkehøgskule, fagskular, relevante kurs m.m., attestar frå arbeidspraksis og motivasjonsbrev, der du skriv kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet. CV er ikkje tilfredstillande.
Me oppmodar alle som vil ta studiet om å søkje eigen arbeidsgjevar om økonomisk støtte og/eller fri med løn. Det vanlege er at du har rett på fri med løn til eksamens- og lesedagar. Hugs å avtale med arbeidsgivar før studiet startar.
Du kan normalt søkje om lån og stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning. Søknadsfrist er 15.11. for haustsemestret og 15.3. for vårsemestret. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Villkår finn du på lånekassa sine heimesider: https://lanekassen.no
Arbeidsgjevaren din kan søkje om BIO-midlar frå Rogaland fylkeskommune til bedriftsintern opplæring for å styrkja kompetansen hjå tilsette i bedrifter med behov for omstilling og utvikling. Denne utdanninga kan vere eit aktuelt tilbod å søkje om BIO-midlar til.
Ordninga kan dekke utgifter til opplæring og lønnsutgifter for deltakarar. Les meir om ordninga her:
https://www.rogfk.no/vare-tjenester/stotte-stipend-og-priser/okonomisk-stotte-og-stipend/naringsutvikling/bedriftsintern-opplaring-bio/
Meir informasjon:
Reidun Sandvik, reidun@ryfylkeiks.no / 95171044
Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no / 91308972