Illustrasjonsmatrise av MOR-prosjektet

Om MOR-prosjektet

MOR - Folk i arbeid - læra heile livet

Sauda og Strand vidaregåande skular som regionale kompetansesentra, har i lag med arbeidslivet, NAV, ryfylkekommunane og Høgskolen i Innlandet løfta fram pilotprosjektet MOR for å møta utfordringar kring å Lære heile livet lokalt og regionalt.

MOR har som siktemål å prøva ut nye modellar for samarbeid om kompetanseheving for ulike målgrupper. Dette er modellar for regional samhandling mellom utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar, både i utvikling, gjennomføring og vurdering av tiltak for å auke utdanningsnivået for den enkelte og samfunnet som heilskap.

Prosjektet skal ved samskaping som arbeidsmåte underbygga og forsterka nærings- og utviklingsarbeid i Ryfylke, og ved slik kontakt med arbeidslivet også styrka hovudoppgåva til skulane.

Elevar ved Strand vidaregåande skule

Målsettingar:

  • Kvalifisera fleire for arbeidsliv og/eller tilgang til utdanningssystemet.
  • Møta kompetansebehov i regionalt arbeidsliv.
  • Få til samskaping og samhandling mellom institusjonar og aktørar i utviklinga av tiltak og organisasjonsformer som motiverer den enkelte innbyggjar og bedrifter til kompetanseheving i åra som kjem.
  • Auka utdanningsnivået i Ryfylke gjennom lokal tilrettelegging.
  • Utvikla og implementera ordningar som bidreg til utdanning for ei ny tid – integrert læring som kombinerer læring på arbeidsplass og læring ved bruk av digitale hjelpemiddel.

Læra heile livet skjer best nedanfrå og opp med opplæringsbehovet til brukaren i fokus. Nært, kjent, enkelt og trygt er rettvend tilnærming fordi den ber med seg nødvendig presisjon for å oppnå ønska kvalifisering og effekt.

MOR-piloten

MOR-piloten byggjer på Kompetansereformen – Læra hele livet (Meld.St. 14 2019-2020), og er forankra i Rogaland ved samrøystes vedtak i fylkestinget 24.04.2018.

«Ingen skal gå ut på dato på grunn av manglende kompetanse. Alle skal få mulighet til å fornye og supplere sin kompetanse slik at flere kan stå lenger i arbeid.

Vi må tette gapet mellom hva arbeidslivet trenger av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakerne faktisk har.»

Utdannings- og forskningskomiteen har ved samrøystes vedtak tilført merknader om Mor-piloten i tre statsbudsjett, den seinaste i Innst. 12 S (2019–2020).

Elevar på vidaregåande skule

«Komiteen ser med interesse på pilotprosjektet Motivasjon, opplæring og rettleiing (MOR), som er et kompetanseprosjekt i Ryfylke ledet av Høgskolen i Innlandet ved institutt for sosialfag. Høgskolen skal forske på effekter av prosjektet som går over fire år.

Komiteen mener det er viktig å høste praktiske erfaringer raskt som et ledd i implementeringen av bl.a. Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017-2021. Komiteen mener erfaringene fra MOR-prosjektet vil være verdifullt utover Ryfylke og kan stimulere andre regioner til tilsvarende kompetansesatsinger.»

Organisering

MOR-prosjektet er organisert under opplæringsavdelinga til Rogaland fylkeskommune og det er oppnemnd eit råd for arbeidet. Dette har slik samansetting:

  • Solveig Ege Tengesdal, leiar for opplæringsutvalet i Rogaland
  • Joar Loland, opplæringsdirektør i Rogaland
  • Erik H. Haug, studieleiar ved Høgskolen i Innlandet,
  • Helge Malmberg, avdelingsleiar ved Strand vgs,  
  • Anders Folkestad, tidlegare leiar UNIO,
  • Kåre Bjarte Bjelland, utviklingsdirektør Eramet Norway
  • Kari Eie Duestad, økonomi og personalansvarleg i Comrod  
  • Truls Nordahl, seniorrådgjevar i NAV Rogaland
  • Wiktor Juul, rådmann i Hjelmeland kommune
  • Gunn Reidun Tednes-Aaserød, fylkesleiar i Utdanningsforbundet Rogaland
Solveig Ege Tengesdal, leiar for opplæringsutvalet i Rogaland.