Kompetanseutvikling og verdiskaping - me må gjera det saman

For 6. gang finn MOR-konferansen stad, i år på Tau, 22. og 23. september. I fjor var meir enn 130 personar samla på Sand og nå kan du melda deg på årets konferanse på moriryfylke.com der du finn fullstendig program.

Programmet er delt inn i tre tema:

• Å utdanna ryfylkingar i eit livslangt perspektiv – koss gjer me det saman?

• Kva for kompetanse treng Ryfylke i 2030 for få meir ut av naturressursane sine?

• Koss sikrar me at arbeidslivet får rett kompetanse?  

Eit spennande konferanseprogram og kulturkveld med middag og Tønes-konsert i løa i Mølleparken på Tau. Nokre av dei som bidreg på konferansen er:

   

 Arne Kleppa, tidlegare dagleg leiar i Ryfylke IKS

 Jacob Torfing, professor ved Institut for Samfundsvidenskab og Erhverv,

 Universitet i Roskilde

 Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-

 regionen

 Nina Grieg, regiondirektør i Grieg Seafood Rogaland

 Torfinn Opheim, styreleiar i Vasskraftkommunane (LVK)

 Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant for Rogaland SV

 Tina Bru, nestleiar i Høgre og tidlegare olje- og energiministar  

 John E. Stangeland, NorSea (Windworks Jelsa)

 Liva Thiis, Odding og masterstudent

 Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant (V) og tidlegare ordførar i Stad kommune

 Arin Eirikssønn, leiar av ungdomsrådet i Suldal

 Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet

 Merethe Prytz Haftorsen, direktør NAV Rogaland

 Truls Nordahl, rådgjevar i NAV Rogland

 Svein Erik Tuastad, førsteamanuenis ved det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for sosialfag ved UIS

Me gler oss til å sjå deg!

Frist for påmelding er 07.09.2022 - https://www.moriryfylke.com/

Alle nyheter