Elevar ved bord i kantine
Foto:

Prosjekta våre

Prosjektet MOR – ”Motivasjon, opplæring og rettleiing” blir drive av Sauda og Strand vidaregåande skular.

Prosjektet har nasjonale ambisjonar med siktemål om å utvikla overførbare modellar for Livslang læring både som kvalifisering og vidarekvalifisering til arbeidslivet. Konkrete tiltak skal formast ved involvering og samskaping mellom aktuelle aktørar og instansar knytt til identifiserte behov for kvalifisering.

Her finn du ein oversikt over prosjekt MOR jobbar med per juni 2020:

Kompetanse Ryfylke i regi av Ryfylke IKS

Dette er eit tre-årig  prosjekt i regi av Ryfylke IKS som tar mål av seg å auka fokuset på kompetansepolitikk i Ryfylke. Prosjektet skal skje i tett dialog med arbeidslivet og dei vidaregåande skulane i Ryfylke.

Tre forhold er i fokus i prosjektet:

  1. Kompetansekartlegging av behov og mål for etter- og vidareutdanning hos dei som bur i regionane.
  2. Etablera sterkare samarbeid mellom rådgjevingstenesta i skule/NAV med fokus på karriererettleiing.
  3. Stimulera til utdanning innan karriererettleiing for dei som er i gruppa som vist i punkt 2.

Tilsetjing av prosjektleiar vil skje sommaren 2020.

Eit virtuelt Ryfylke

MOR-prosjektet saman med Høgskulen på Vestlandet arbeidar for å få på plass ei fleksibel vidareutdanning i digital kompetanse: «Eit virtuelt Ryfylke».    

Grunnlaget er behovet for å styrka kompetansen innan dette fagområdet. Siktemålet er at det kan etablerast nettverk for dei som arbeider med digitale verktøy innan informasjon og marknadskommunikasjon.

Studietilbodet er planlagt over to år, organisert som fire frittståande emne, totalt 60 studiepoeng.

E-sport og Einherjar Ytre Ryfylke

Frå hausten 2020 opprettar skulen òg eit programfag innan e-sport. Nytilsett spelpedagog Jonas Aleksander Karlsen skal bidra både i programfaget og for gruppa «Eitt steg vidare», som motivator og trenar.

I samband med dette tar MOR-prosjektet saman med skulen initiativ til å etablera eit eige e-sportlag, Einherjar Ytre Ryfylke. Saman vil dei etablera ein eigen spelarena på skulen. Eigne trenarar/pedagogar blir engasjert. Medlema i Einherjarlaget kan bruka spelarenaen utanom ordinær skuletid.

Tilbodet er for dei med:

  • ønskje om å gå djupare innan e-sport/e-spel
  • ønskje om å bli god innan favorittspelet ditt
  • ønskje om fellesskap med andre med same interesse
  • ønskje om samspel og å aktivisera seg på e-spelarena
  • ønskje om og ambisjonar om å konkurrere

Målgruppa er ikkje endeleg bestemt, men me vender oss førebels til unge i alderen 13 - 20 år.

Eitt steg vidare

Prosjektet «Eitt steg vidare» er eit tilbod for unge som strevar med kvardagen sin og brukar mykje tid til spelaktivetar. Føremålet er å sosialisera og å læra å meistra kvardagen sin.

Tilbodet startar på Tau, i august, like ved skulen. I tillegg får dei tidvis bruka den nye spelarenaen som blir etablert som del av Strand vgs si e-sportsatsing. Målet er at tilbodet skal vera med å opna opp for andre aktivetar, skule, fritid og arbeid.

Ei tilsvarande tilbod er under etablering i indre Ryfylke.

Kurs for landbruket

Som ein del av kursportalen denne informasjonssida er ein del av, arbeider Mor-prosjektet med konkret etter- og vidareutdanningstilbod retta mot spesielle næringar eller grupper.

På førespurnad frå landbruket har me laga ein pakke av kurs som rettar seg mot den næringa. Målet er å formalisera uformell kompetanse innan område som maskinførar, kran, truck osv.

Målet er å bygga ut kursaktiviteten slik at folk kan få nødvendig sertifisering på plass lokalt, og at dette òg kan bli ein ressurs for ordinære elevar ved skulen. Dette vil styrkja grunnlaget for læreplass eller sommarjobb, - og i tillegg bli eit tilbod til personar som prøver å finna vegen tilbake til eller inn i arbeidslivet.

Internorganisering - brukarfokus

I lengre tid har skulane drøfta korleis ein kan organisera arbeidet internt slik at ein får til betre samskaping, som viktig idé bak og føring for MOR-prosjektet. Eit sterkt brukarfokus – ei dør inn - står heilt sentralt her.

Målet er å utvikla og styrkja skulane sitt tverr- og fleirfaglege samarbeid ved skulen med mål om å samla fellesfunksjonane ved skulane under ei felles leiing.

  • Informasjon, IKT og bibliotek medrekna pedagogisk ikt-læring  
  • Etter- og vidareutdanning
  • All rådgjevingsteneste

I tillegg vil ein ei søkja å få ansvar for Oppfølgingstenesta i Ryfylke og sjå på korleis PPT-tilbodet kan samordnast med skulen sine rådgjevingsoppgåver. Det same gjeld tilbodet som helsesjukepleier gir ved skulen.

Dette er oppgåver som er viktige i arbeidet med å betre samarbeidet om løysingar, samskaping, i lag med organsiasjonar utanfor skulen, slike som Nav, arbeidsliv osv.

Førebuande kurs for ufaglærte som ønskjer å ta fagbrev

Mor-prosjektet vil starte opp opplæring for arbeidstakarar (også minoritetsspråkleg) slik at dei seinare kan ta eit fagbrev. Det blir etablert klassar med inntil 12 elevar i kvar klasse.

  • Retta mot TIP- og elektrofaget
  • Retta mot sal- og servicefaget, barne- og ungdomsarbeidar og reinhaldarfaget

Opplæringa, som er ein del av Kompetanse pluss si ordning «Kompetanse pluss», skal styrkja deltakarane sitt grunnlag for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat. Oppstart hausten/vinteren 2020 og ferdigstilling av fagbrev etter praksiskandidatordninga 12.2021. Kursa er på inntil 200 timar.